Studentorganisasjonen SAIH (Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond) deler for første gang ut sin nye fredspris – Pleace Price – som skal fungera som ei oppmoding til fredssamtalar og fredsinitiativ for uløyste konfliktar i verda.

The Please Prize har eitt enkelt mål: «Please make peace!».

Erna, Mohammed og Mohamed
Den aller første prisen går til statsminister Erna Solberg, saman med presidenten av Vest-Sahara, Mohamed Abdelaziz og kong Mohammed VI av Marokko, for sitt potensiale til å fremja fred mellom folket i Vest-Sahara og Marokko, som kan føra til sjølvstyre for det saharawiske folk.

Sjå iscenesette pressekonferansen her:

– Med The Please Prize ynskjer me å inspirera verdas leiarar til å setja i gang nye initiativ for fred. Målet med prisen er å venda seg til viktige beslutningstakarar for å seia «please a», de kan om de vil, seier SAIH-leiar Nicklas Poulsen Viki i ei pressemelding.

Organisasjonen har latt seg inspirera av den kontroversielle fredspristildelinga i 2009, då kritikarane meinte at president Barack Obama fekk prisen for tidleg. 

– Mange vil nok seie at Obama ikkje har levd opp til forventningane Nobelprisen skapte, men me synest ein proaktiv pris var eit friskt initiativ. Me håpar den nye, norske fredsprisen vil føra til reelle endringar, og at forventningane han skapar vil inspirera til handling, seier Poulsen Viki.

LES OGSÅ: Studentar deportert ut av Vest-Sahara

Protestar mot FN
Vest-Sahara, er eit landområde på storleik med Storbritannia, som har vore delvis okkupert av Marokko sidan 1975. FN anerkjenner ikkje Marokkos overtaking av den tidlegare spanske kolonien, og reknar Vest-Sahara som et ikkje-selvstyrt område.

I 1991 inngjekk partane ei våpenkvile, med mål om å gjennomføra ei folkeavstemming, som aldri vart noko av.

Denne månaden vitja FNs generalsekretær Ban Ki-Moon ein flyktningeleir for saharawiar i Algerie. Generalsekretæren brukte ordet «okkupasjon», noko det marrokanske folk har reagert sterkt på. Ifølgje NTB marsjerte rundt éin million marrokanarar søndag gjennom hovudstaden Rabat, i protest mot utsegna.

– Ved å støtta dagens FN-forhandlingar, som er Noregs offisielle posisjon, støttar me i realiteten status quo. Tida er inne for å leggja kolonitida bak oss, meiner Poulsen Viki.

LES OGSÅ: Venstre krev stans i oljeleiting utfor Vest-Sahara

Noregs rolle
SAIH meiner den norske regjeringa kan spele ei avgjerande rolle for å frigjera det som vert kalla Afrikas siste koloni.

– Me meiner at den norske regjeringa er pliktig å gjera det dei kan for å sikra fred. Erna nyter støtte frå alle partia på Stortinget i spørsmålet om Vest-Sahara. No ber me ho beint fram realisera dette engasjementet i form av konkrete politiske tiltak for fred, seier Poulsen Viki.

The 2016 Please Prize vert delt ut under ein seremoni på Kunstnernes Hus i Oslo, klokka 18.00 i dag. Etter seremonien vert det debatt og lansering av ein ny rapport om Noregs rolle for å fremja fred i Vest-Sahara.

Fredag klokka 20.00 vert det offisiell fredspriskonsert på Revolver i Oslo.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

Kommentarar

ANNONSE