mm

«Jonas Lysø, 32, bipolar 2.»

Slik opnar kortdokumentaren «Tung jakke», som hadde premiere under festivalen «Eurodok» på søndag. Filmen var ein av to studentfilmar blant dei i alt 23 filmane på programmet.

Personleg agenda
Regissør Livirén Bratterud gir sjåaren eit unikt innblikk i kvardagen til ein heilt normal mann – som har diagnosen bipolar 2 og slit med angst. Dei to vart kjent gjennom helsevesenet, der dei begge har vore innlagt for sine bipolare lidingar.

Regissøren, som fram til nyleg har halde diagnosen skjult, har som personleg agenda å avstigmatisere psykiske lidingar. Dette kjem ikkje til uttrykk før heilt på slutten, og skadar slett ikkje heilheitsinntrykket av dokumentaren– tvert imot.

Filmen, som er Bratterud sin bachelorfilm frå TV-skulen ved Høgskolen i Lillehammer, gjer det klinkande klart at me har mykje godt i vente frå den 33 år gamle filmskaparen.

LES OGSÅ: Publikumsprisen til «Kampen om fjordane»

Drahjelp frå dottera
Tittelen «Tung jakke» er kanskje ikkje heilt sjølvforklarande. Omgrepet kjem frå ei gruppe beduinar hovudpersonen møter i Egypt. Jonas får låna ei tradisjonell jakke, og ein beduin forklarar at dei har eit ordtak om at jakka kan vere varm og trygg, men dersom ho er for tung, må ein leggja ho frå seg. Denne samanlikninga får Jonas til å ta til tårene.

Jonas ber historia som ein open og tillitsfull hovudperson. Han slepp filmskaparen tett innpå kvardagslivet som åleinefar med ein diagnose.

«Jeg ser lissom ikke’no vidunderkur eller løsning eller lys i enden av tunnelen (…) Så er det lissom datteren min som gjør at jeg fortsetter. Da jeg var ung, så tenkte jeg at viss jeg tar livet av meg nå som hun bare er ett og ett halvt år gammel, så kommer hu ikke til å huske meg allikevel. Men nå er hun snart fire og nå kommer hun til å huske meg. Og jeg vil ikke at hu skal gå resten av livet og sitte å savne meg – slik som jeg savner faren min,» seier Jonas.

Kamera fangar eit nydeleg samspel mellom 32-åringen og dottera Hedvig, som framstår som bekymringslaus og lukkeleg.

Tung Jakke / Heavy Jacket trailer from Livirén Bratterud on Vimeo.

Terapi og medisinar
Jonas har gått i terapi og fått medisinar i rundt tjue år. Kvar dag tek han angstdempande medisinar. Målet er å kome seg gjennom utdanninga og bli barne- og ungdomsarbeidar.

At filmen er blotta for ekspertar som synsar kring Jonas si historie er eit bevisst grep frå regissøren si side. Her er det Jonas som fortel om livet sitt, ingen andre.

32-åringen verkar å snakke opent om diagnosen sin med både storesyster og kameratar. Slik sett svarar han ikkje til det stereotypiske biletet på ein ung mann med psykiske lidingar. I samtalar etter filmen, seier Jonas at det har vorte enklare å vere open om psykiske lidingar, òg som mann. Det er i så fall gledeleg.

Desse samtalane med vener og kjente er likevel kanskje filmens svakaste augneblikk, då dei framstår noko anstrengt og regissert. Både syster og vener tek opp at Jonas bør finne på noko anna, kanskje reise. Som sjåar mistenkjer eg at initiativet eigentleg kjem frå filmskaparen.

Elles er filmen heilstøypt både i form og innhald. Fotograf Kristian Davik Larssen gjer ein fjellstø jobb. I filmens sterkaste enkeltscene sit Jonas heilt åleine i leilegheita si, hendene skjelver så kraftig at han ikkje får til å ete med kniv og gaffel.

Det kjem tydeleg fram at reisa til Egypt pressar hovudpersonen langt utfor si komfortsone. Jamt over vert eg som sjåar full av respekt for openheita til Jonas og grensene han kryssar i dokumentaren.

LES OGSÅ: «Ein kan alltid stille spørsmål ved objektiviteten i dokumentarfilmane»

Folkemunnedomstolen
Ikkje minst står det respekt av filmens avslutning. Der stiller ei rekkje menneskjer i alle aldrar opp i «folkemunnedomstolen» og avslører sin diagnose, i ein sekvens inspirert av amerikanske «mug shots». Her opnar dei tårekanalane i salen, som har klart å halde fortet så langt.

Det er lett å oppmoda andre til å vera opne, men krev mykje å stå fram sjølv. Til sist held regissør Livirén Bratterud opp sin eigen dom: bipolar 1. Ho kastar den tunge jakka.

I samtalar etter filmen avslørar Bratterud at ho allereie har planar om å portrettere fleire av menneskja som dukkar opp avslutningsvis. Det er berre å gle seg. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE