Sigrid Skjerdal
Sigrid Skjerdal
Faktaboks

Sigrid Skjerdal frå Aurland er utdanna journalist frå Høgskulen i Volda. For tida er adressa der ryggsekken er, i Sør-Amerika. Ho deltek på eXXpedition Caribbean 2016.

LES FAKTALUKK FAKTA

Teksta var først publisert på pantenettstaden Infinitum Movement.

Ein gong var bror min på stranda for å surfe og så fann han ein fisk og den hadde plastikk i magen og den var død. Den vesle guten ser tenksam ut i lufta. «Det var trist.»

Denne guten møtte eg på Lockerbie College i Barbados, ei vakker øy i Karibien. Tingen med vakre, små øyer er at det er ikkje så lett å skjule ting. Som søppel, til dømes.

Eg er ingen søppelguru. Bloggane og artiklane om «zero waste» og søppelfrie liv vekker surfefingeren si interesse, men før eg klarar å kaste meg inn i livsstilen slår bølge av stress over meg. Praten om mensenkopp gir meg stressutslett, eg evnar ikkje å planlegge måltid ein dag i førevegen, og min kjærleik til rømme og meieriprodukt genererer plastavfall som ein familie på åtte kvar veke.

Eg klikkar meg fort vidare, og tenker; «eg er i det minste flink til å kjeldesortere. Som oftast».

Om me ikkje gjer noko med plasindustrien no, vil det vere meir plast enn fisk i havet i 2050, ifølgje ein ny rapport frå World Economic Forum. Les meir her.

Nei, eg er ingen plastikk-guru. Men all plastikk-praten klarte å vekke mitt uhelbredelige nysgjerrigheitsgen. Slik hamna eg på denne søppelreisa, eXXpedition Caribbean. Frå øy til øy med ein 72 fot seglbåt, 12 damer med ulik nasjonalitet, yrke og alder, men med eitt oppdrag. Å møte mennesker frå Trinidad, Barbados og St. Lucia – For å snakke boss.

Det vart ingen tid til å ligge strak på stranda i Trinidad. Derimot fekk vi møte frivillige miljøvernerar som kvart år før ynglesesongen til skilpaddene må rydde strendene i havgapet, slik at dyra ikkje skal sette seg fast i eller mistolke plasten for mat. Vi høyrde om korleis gatene i dei fargerike byane blir oversvømt når det regnar, fordi ulovleg dumpa avfall tettar avløpssystema.


350 tonn søppel får dei inn kvar dag på resirkuleringssenteret i Barbados. Mykje går rett på landfyllinga, og der blir det for alltid. 

LES OGSÅ: Lagar plastikk av bananskal

I Barbados vart det ingen paraplydrinkar, men eg fekk for første gong i mitt liv sjå ei landfylling. Det tok pusten frå meg. Både på grunn av lukta og kor inmmari mykje boss det finnes. På resirkuleringsstasjonen brukte dei å få inn 1000 tonn søppel kvar dag. Myndigheitene sette ei avgift på 25 dollar for å levere søppel, og no får dei inn 350 tonn kvar dag. Dei resterande 650? Dumpa, brent, i havet, ute av syne, borte.

Det er ikkje det at det er så mykje meir søppel i Karibien enn heime i Noreg. Vi er berre veldig flinke til å gøyme problemet. Vi produserer dobbelt så mykje avfall i dag som for 10 – 12 år sidan, skreiv Aftenposten Innsikt i 2014. Kvar blir det av alt sammen?

Cherice Gibson frå Future Center Trust på Barbados sa det klarare enn nokon andre. «There is no magic place called away».

LES OGSÅ: LEGO vil droppa plasten

Det finst ingen magisk plass ved navn ”borte”, der den gamle tannbørsten min forsvinn og q-tipsen går opp i røyk. Plast er eit fantastisk materiale som er laga for å vare evig. Difor er ”borte” i plastikklivet landfyllingar. Det er gjenvinningsstasjonar og forbrenningsanlegg. Den flyt rundt i havet, mykje er brutt ned til bitar så små at vi ikkje kan sjå dei. 99 prosent av plasten vi har lagd er framleis på jorda vår. I naturen vår. I oss? Og vi lagar framleis meir, meir, meir og meir.

Etter ei veke på søppeltokt i Karibien har eg ikkje så mange fleire svar. Men eg har eit lass med nye spørsmål. Ein einaste ting er klart for meg, og det er at løysingane ligg på land. Treng vi dobbelt så mykje plast i liva våre i dag som for ti år sidan? Eg trur ikkje det. Lat oss starte der.

Lær meir om eXXpedition i denne dokumentaren:

eXXpedition: Making the Unseen Seen (Full Documentary) from eXXpedition on Vimeo.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

Kommentarar

ANNONSE