Zara Larsson til Tysnesfest

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Endeleg! Etter fleire månader med jobb har me endelig klart å landa Zara Larsson til Tysnesfest 2016! Ho skal berre gjera to konsertar i Norge i år, og me er svært glade for at Tysnesfest er ein av dei, skriv Øystein Vaage i Stiftelsen Tysnesfest i pressemeldinga.

Zara Larsson-konserten 9. juli vert eit av hovudnamna på årets festival, som i tillegg har sikra seg Karpe Diem, dj-duoen Broiler og gamle storheiter som, Anastacia, Alphaville, Dum Dum Boys og Halvdan Sivertsen.

Allereie som 10-åring vann Zara Larsson ein talentkonkurranse og fekk sleppe sin coverversjon av «My heart will go on».

15 år gamal gjorde ho braksuksess med singelen «Uncover». 

Den unge svenske artisten har nytta stjernestatusen til å snakka om sin feministiske ståstad og er ikkje redd for å kritisera patriarkatet og machokulturen i dagens samfunn.  

Zara Larsson ligg for tida inne med to låtar på Global Top 50 lista til Spotify. «Lush Life», er i augneblinken den 16. mest spelte låta i verda, medan samarbeidet med MNEK, «Never Forget You», ligg på 26. Plass.