«Skrekk-konferanse»

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skrekk-konferanse

Det kan ha vore Dagsrevyen. Eg veit. Ikkje spør. Eg kjeder meg mykje for tida. Det var sikkert noko krøll med Netflix. Og det snødde sikkert.

I alle fall. Det var ein reportasje frå regjeringas budsjettkonferanse. I Hakkadal eller Hurdal eller Storsjø eller Småskog eller kvar det no er. Statsrådane kom til konferansehotellet med dongeribukser, skjerf og trillekoffertar som vanlige menneske. Og journalistar og fotografar venta på dei, som alt anna enn vanlige menneske. Dagsrevyens journalist hadde bestemt seg for å snakke med dei statsrådane som aldri har vore med på budsjettkonferanse før. Derfor kom det relativt innhaldslause kommentarar frå eit par personar eg ikkje kan huske å ha sett før, men som tydeligvis sit i regjeringa. Og du kan spare deg fnysinga der du sit. Hugsar du kva landbruksministeren heiter, kanskje? Eller kva dialekt han har? Kan du kjapt, utan å google, skildre stemma og utsjånaden til arbeidsministeren? Trudde ikkje det.

I alle fall! Plutselig dukka Per Sandberg opp. Han smilte folkelig-smilet sitt og sa noko om at det sikkert blir tøffe tak på budsjettkonferansen.

Kva skal ein elles seie?

Eg såg på dette. Eg stussa. Eg lurte. Eg trur til og med at eg kan ha lagt hovudet på skakke og sagt «hm».

Per Sandberg, tenkte eg. Han hadde eg faktisk gløymt.

Det er ikkje så mange månader sidan han var overalt og laga bråk og omtalte seg sjølv i tredjeperson og var relativt fornøgd med det. Og når eg tenker meg om, så husker eg jo at det blei sagt, då han fekk plass i regjeringa, at dette var ein god måte å få han til å halde kjeft på. Ein kan ikkje kritisere ei regjering ein sjølv er med i.

Men at det skulle gå så fort? Når det står på, og bråkebøtta er overalt heile tida, så trur du ikkje at det skal vere så lett å gløyme ein sånn som Per Sandberg. Du legg merke til han. Han irriterer folk.

Men så får han treffe kongen og får nøkkelen til eit statsrådkontor, stenger døra bak seg, og så er det stille. Heilt stille. Kanskje sitt han der heilt åleine på kontoret og ryddar tafatt i tinga til Elisabeth Aspaker (du husker ikkje henne heller, berre innrømm det), og tenker: Kva skjedde no, eigentlig? Og så sitt han der, åleine, til han dukkar opp og seier fire tomme ord på Dagsrevyen ein måndag i snø, og sånne som meg ser han og tenker: Kva var det med han

igjen? Kva var det han sa, den gongen då folk var sinte på han? Kva var det som var irriterande med han igjen?

Nei. Eg husker ikkje. Heilt vekk. Han har forsvunne. Han sitt han saman med folk som Jan Tore Sanner på eit konferansehotell på Bolkesjø eller Habsburg eller Langesund og snakkar om tal og drikk tynn kaffi, og er gløymt.

Og det var då eg begynte å tenke. Eg kjeder meg som sagt ein del for tida. Og eg er heilt sikker no på at det snødde. Tett. Ingen vits i å gå ut. Eg var sikkert på ein plass utan kafear også. Og det var altså måndag. Ingenting anna å gjere enn å tenke. Og då tenkte eg på alle dei andre politikarane som berre blir borte. Som dukkar opp, er veldig engasjerte og talentfulle og bråkete i ein periode, og så ser du ikkje meir til dei. Det er mange slike. Vi har naturligvis gløymt kva dei fleste av dei heiter. Nokre av dei dukkar opp nokre år seinare som talspersonar for store bedrifter eller organisasjonar. Men dei fleste er og blir vekk.

For alt vi veit, kan det hende dei sitt i regjeringa. Alle i hop. At Listhaug og Solberg og Jensen berre er pynt. At jobben blir gjort av politikarar som blei borte. Berre at dei ikkje blei borte. Dei fekk helse på kongen, fekk nøkkelen til eit kontor, og stengde døra bak seg.

Og der sitt dei, musestille, og styrer landet.

Nei. No har det heldigvis slutta å snø. Må komme meg ut no.


Først publisert i Aftenposten 12. mars.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!