Tek sjåarane med til toppen av Sunnmøre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den 24 minutt lange masteroppgåve-filmen Carl Jørgen Nesset og Eirik Vaage laga ved Høgskulen i Volda (HVO) i 2013 er utgangspunktet for dokumentarfilmen, fortel høgskulen på eigen nettstad.

Filmskapar Nesset er i dag også lektor ved Høgskulen i Volda og driv selskapet Nesset Film, medan Vaage òg driv selskapet Frost media og arbeider i Vestnorsk filmsenter.

LES OGSÅ: Aldri før har fjellet vore så populært 

Klatra Slogen vinterstid
NRK fatta interesse for filmen til dei to, og ønskte ei utviding av historia.

– Samstundes var det tre karar som planla å vinterklatre «Slogen frå Fjorden», ei bratt klatrerute som engelskmennene Reaburn og Ling etablerte sommaren 1903, fortel HVO.

– Er det mogleg å klatre dronninga av Sunnmørsalpane på snø og is? spør ein i omtalen av filmen.

Ruta har, ifølgje filmomtalen, vore urøyvd vinterstid. Med kamera på hjelmane dokumenterte klatrarane Åsmund Vaage, Tommi Räty og Stig Helset ferda. Opptaka frå klatreekspedisjonen og ei utviding av den historiske biten gjer at filmen har blitt nærare éin time lang.

LES OGSÅ: Feirar basehoppets far på film

Fjelliv før og no
Med dokumentaren ønskjer filmskaparane å vise både dei som utfordrar fjella på nye måtar i dag, men også gi eit historisk tilbakeblikk. Kor mykje av fjelltradisjonen vår byggjer på britisk tankegods? er eit spørsmål som blir reist i omtalen av filmen.

– Historier og legender i miljøet teiknar eit fascinerande bilete av tidlege britiske pionerar og møtet deira med vestlandsfolket. Klatring opp fjella vart sett på som galemannsferd, men nokre våghalsar tok mot til seg. I filmen blir vi kjent med dei som utforska og flytta grenser i fjellheimen, heiter det mellom anna i filmomtalen.

NRK sender dokumentaren 15. mars. (©NPK)


Filmskaparane Carl Jørgen Nesset (t.v.) og Eirik Vaage. Foto: Vaage / Nesset