Tom var nynazist

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka stod først på trykk i Bømlo-Nytt.

Tom Olsen har ei spesiell erfaring. Frå 1992 til 1998 hadde han ei tvilsam karriere som nynazist og fengselsfugl. Olsen, som kom frå ein stabil og god heim, søkte først mot det nynazistiske miljøet i Haugesund, og seinare i den vide verda.

Røynslene om prosessen inn og deretter ut att av dette øydeleggjande miljøet har han brukt i ei masteroppgåve.

No jobbar denn tidlegare nynazisten frå Haugesund som SLT-koordinator (Samordningsmodell for lokale, førebyggjande tiltak mot rus og kriminalitet) i Time kommune. Torsdag fortalde han historia si, då Stord, Fitjar og Bømlo kommunar arrangerte fagdag i lag med politiet og Hordaland fylke. Tema var radikalisering og valdeleg ekstremisme.

LES OGSÅ:«Kva har vi her – ein gorilla?»

Vald blir kvardagsleg
Unge Olsen og kompisane heldt «revir» kring diskoteket «Merlin», der var verken karmøybu eller innvandrarar velkomne og dei unge slost for å ha staden for seg sjølve.

Aggressiv framferd vart meir og meir normalt i den unge si verd, og det enda vel som det måtte, han vart fengsla. Berre 17 år sat han i isolasjon, på brev- og besøksforbod. Etter fjorten dagar fekk han oppheva forbodet, som no vart til kontroll. Framandfiendtlege venner lasta på med nynazistisk litteratur, som han etter kontroll fekk levert på cella si. Dette var det einaste lesestoffet han hadde. I tre månader sat han heilt åleine og las, og vart meir og meir radikal.

Då han endeleg slepte ut frå varetekt var han så godt som ferdig radikalisert. Litteraturleverandørane var gode venner og representerte no ein sterk fellesskap.

– Eg radikaliserte meg sjølv på ein måte, konkluderer Tom.

Vegen vidare gjekk via litteratur og samlingar med likesinna kring i landet og vidare ut i Europa.

Tore Tvedt i Vigrid vart sentral og konspirasjonane gjekk over alle støvelskaft.

Enda i Sør-Afrika
Starten på slutten opplevde Olsen i Sør-Afrika. I Johannesburg skulle han treffe ei likesinna gruppe. Tom hadde ein haug med nazistisk-inspirert musikk med seg, som vart spelt og godkjent. Han kunne ikkje eit ord afrikaans, språket boarane brukte, og dei ville ikkje snakka engelsk. Difor vart han berre «utlendingen».

Apartheidtida var over og noko oppdrag hadde dei ikkje til han utover at han kunne reisa heilt nord og vakta kvite bønder. Det freista lite. Musikken vart i alle fall lytta til heilt til det kom ein tekst som hetsa jødar.

LES OGSÅ: Korleis er det å leve som Hitler?

Brått fekk han ein pistol trykt mot hovudet. Det skulle han vita, dei tulla ikkje med Guds utvalde! Han luska etter kvart derifrå og heldt seg ved og i eit ungdomsherberge. Ein kveld vart han robba og sat att pengelens. Ti dagar gjekk det på den tida å få pengar frå Norge, imens fekk han frukost og husrom, medan dei venta på at han skulle gjera opp for seg.

Eit vendepunkt
Ein mann med eit godt og breitt smil kom innom baren der Tom sat med eit glas vatn ein kveld, og baud han ei øl. Tom var både tørst og svolten, men med hovudet fullt av konspirasjonar fekk han det for seg at denne mørke mannen måtte komma frå etterretninga og sikkert ville forgifta han.

Mannen smilte like vennleg mot den skeptiske unge, til barkeeperen flytta ølet bort til han og sa at mannen ville berre spandera ei øl. Det vart fleire øl og etter kvart kom mannen på herberget med matvarer og dei kokte i lag.

Tom undra seg korleis dette tok seg ut. Ein uniformert nynazist i kjøkenet på eit ungdomsherberge i lag med ein svart mann? Han slutta å barbera hovudet kvar morgon, og etter kvart snudde han hakekross-t-skjorta med innsida ut.

Nazi-miljøet slår sprekkar
Den gode fellesskapen i nazi-miljøet krakelerte og sprekkane vart større og fleire etter at Tom kom heim igjen, sjølv om han stadig høyrde til i den nynazistiske fellesskapen. Siste valdsepisode enda med endå eit fengselsopphald. Då skulle han og nokre likesinna vera vakt under ein nyårsfest heime i Tysvær. Arrangøren var dottera til lensmannen i bygda. Ingen uvedkommande skulle sleppast inn på festen.

Det hindra ikkje folk prøvde seg, og blant dei ein mann i kritkvit dress. Han drog til seg ein stokk og ville slå seg inn. Tom fekk hand om stokken og slo mannen i hovudet så mannen datt og blodet rann. Ein av kameratane som hadde sanitetserfaring sjekka mannen og konstaterte at han var død.

Det var eit sjokk, men ikkje noko Tom kunne springa ifrå. Dei drog mannen bortåt husveggen og Tom gjekk inn og bad arrangøren kontakta far sin, for han hadde slege ein mann i hel. Medan han venta gjekk han bort til glaset og der såg han mannen gå sin veg. Eit andre sjokk.

Avradikaliseringa
Det offentlege reiste sak mot Tom, sidan den slegne mannen ikkje ville. Då bar det i fengsel igjen. Det vart siste gongen.

I fengselet vart Tom gradvis avradikalisert. Viktige spørsmål vart stilte. Kokken, til dømes, ville vita kva godt han hadde gjort for seg sjølv og familien dei siste åra. Då såg han alt det han hadde øydelagt, for familien, for gata han vaks opp i, som berre gjekk under namnet nazigata. Det øydela for verksemder, søstera vart mobba og foreldra utfrosne.

LES OGSÅ: Den nye nazismen

Paranoiaen og konspirasjonane vart gjennomsiktige og meiningslause.

– Ein av grunnane til at desse høgreradikale miljøa aldri vert kjempestore er at dei raknar innanfrå, sa Tom.

Sjølv om utanforskap ser ut til å vera ei årsak til å søkja ekstreme grupper, kan årsakene vera like ulike som det er folk som sluttar seg til dei ulike grupperingane.

Lukkast kommunane – lukkast Noreg
– Utanforskap står sentralt i denne prosessen me gjerne vil unngå. Det er mange måtar å hamna utanfor på. Det kan vera sjukdom, rusbruk i familien, fattigdom, manglande språkkunnskapar, arbeidsløyse eller andre og samansette årsaker til at ein person fell utanfor fellesskapen. Å hindra utanforskap krev tiltak på mange nivå, slik at me kan sikra den enkelte eit trygt og godt tilvære der ein kjenner seg inkludert, sa ordførar Odd Harald Hovland, som opna fagdagen.

Tom Olsen understreka verdien av alvorspraten politiet ofte har med unge i faresona. Denne praten har bremst mange unge i radikaliseringsprosessen, synte han til. Slik er også ein SLT koordinator viktig for dei unge i kommunane.

– Med mange nye innbyggjarar som skal integrerast og læra språket vårt er det er heilt avgjerande at stat og kommunesektoren samarbeider om tiltak som lettar arbeidet med utfordringane me står midt oppi. Kommunane er dei viktigaste tenesteprodusentane og står nærast innbyggjarane. Lukkast kommunane – lukkast Norge, sa ordføraren.

LES OGSÅ: Slik blir nokre trekte mot ekstremistiske miljø