15-åring vil saksøke Obama
Saman med over 20 andre mellom 8 og 19 år, går Xiuhtezcatl Tonatiuh (15) rettens veg for å sikre framtida si.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Onsdag morgon møtte 21 barn og unge mellom 8 og 19 år opp i ein rettsal i Oregon, USA. Dei 21 saksøker den amerikanske regjeringa og president Barack Obama for å unnlate å handle raskt nok til å hindre farlege klimaendringar.
Framtida saksøkjer fortida, skriv CNN om søksmålet.
– Min generasjon kjem til å arve den krisa vi ser rundt oss allereie i dag. Vi gjer ikkje dette berre for miljøet, jordkloden og atmosfæren, men også for vår rett til å leve i ei sunn, rettferdig og berekraftig verd, sa Xiuhtezcatl Tonatiuh (15) til ei folkemengd som samla seg utanfor rettsalen, ifølgje CNN.
LES OGSÅ: Forskarar halverer karbonbudsjettet
Klimasøksmålet, som var til høyring onsdag, er ein del av kampanjen Our Children’s Trust. Organisasjonen er mellom anna støtta av tidlegare NASA-forskar James Hansen, som i fjor sendte eit brev til statsminister Erna Solberg. Der skreiv han at dersom Noreg ikkje snur oljepolitikken og let planar om stortstilt oljeutvinning i Arktis liggje, vil han bistå i eit planlagt søksmål mot regjeringa.
Bak planane om søksmålet her til lands, står mellom andre leiar i Greenpeace Noreg, Truls Gulowsen, høgsterettsadvokat Pål W. Lorentzen og styreleiar i Foreningen Grunnloven §112, Aleksander Melli. Ifølgje Grunnlova har vi rett til eit helsesamt miljø, og ein natur der produksjonsevne og mangfaldet vert halde ved lag. Ein kan dermed saksøkje staten for ikkje å ta i vare vår rett til eit leveleg klima, meiner desse.
Les Framtida.no sitt intervju med Pål W. Lorentzen om § 112.
Foreininga jobbar no med å leggje til rette for å føre sak mot oljeboring i Arktis. Medan det norske søksmålet endå er under planlegging, har altså amerikanske barn og ungdomar byrja på rettsprosessen.
Dei saksøker ei rekkje personar og institusjonar. Blant desse er president Obama, fleire offentlege institusjonar, og leiarane for nokre av desse institusjonane. Gruppa ber om at retten beordar amerikanske styresmakter til å lage ein plan for å kjempe mot katastrofale klimaendringar, og slutte å bidra til problemet.
LES OGSÅ: Vil vekkje miljøparagrafen til live