mm

Etter mange somrar som budeie og ein master om stølsturisme er 29-åringen truleg ein av dei som veit mest om denne forma for turisme her i landet. I regi av næringsorganisasjonen Hanen er ho no ein av pådrivarane for at fleire bønder og turistar skal få auga opp for stølslivet.

– Eg ser at små og mellomstore bruk slit med å halda drifta oppe, og at desse bøndene må arbeida utanfor garden for å få hjula til å gå rundt. Spørsmålet er korleis vi kan få desse bruka til å leva mest mogleg av garden. Då ser eg stølsturisme som ei moglegheit, seier ho entusiastisk på kav bergensdialekt.

Då ho saman med åtte utvalde stølsbedrifter nyleg var på stand på Grüne Woche i Berlin for Hanen og Norsk seterkultur, blei brosjyrane om norsk seterturisme rivne vekk før arrangementet var kome halvvegs.

– Mange søkjer genuine og ekte opplevingar, seier stølspådrivaren, som også ivrar for å marknadsføra stølslivet meir for nordmenn.

– Godt for folk og fe
Ifølgje masteroppgåva hennar finst det i dag rundt 40 bønder som driv med stølsturisme her i landet. I oppgåva si har ho sett nærmare på kva som får bøndene til å ta med dyra til fjells og opna stølane sine for turistar.

– Det å ha dyra på utmark, altså omsynet til dyrevelferd, var viktig for mange av dei eg intervjua. Det same var gleda ved å vera nær naturen, seier masterskribenten, som sjølv har ho bak seg seks sesongar som budeie i Telemark og fleire år som dagleg leiar for Nordbardsetra 4H-seter i Vestfold.

Ho kan skriva under på den same gleda, trass ein hektisk kvardag med mykje arbeid.

– Arbeidet tærer ikkje på kroppen på same måten som anna kav og mas. Du sit att med meir glede, seier ho og strekar under at stølslivet også er bra for dyra.

– Kyr som går på naturbeite har mjølk med høgare innhald av antioksidantar, sidan slike beite har større samansetjing av urter og planter. Naturbeite fører også til betre opptak av næringsstoff enn ved tørrfôr og silofôr. Produkt av vidareforedla stølsmjøl blir difor svært gode, seier ho.


– Det er mange gode grunnar for stølsturisme, meiner Bianca Wathne Gelink som i regi av Hanen er ein av pådrivarane for denne forma for turisme. Foto: Margunn Sundfjord/NPK

Rom for fleire
Som politikar og folkevald for Miljøpartiet Dei Grøne ivrar Bianca Watne Gelink for eit grønare landbruk. Ho håpar fleire oppdagar verdien av å ha dyra på utmarksbeite samtidig som dei kan vera vertskap og selja staden til turistar. Særleg vil ho løfta fram stølsturisme som ein veg for mjølkeprodusentane på mellomstore bruk.

– Det har lenge vore dårleg økonomi i slike bruk. Har du til dømes eit bruk med ti kyr, må du arbeida utanfor garden å halda oppe drifta. Det blir som å driva garden på rein idealisme, seier Bianca og peikar på at signala frå regjeringa er at styresmaktene vil satsa på stordrift og nisjeproduksjon.

LES OGSÅ: Dyrepassar i Sør-Afrika

For dei som har ein støl, kan stølsturisme vera med å auka grunnlaget for å livnæra seg av garden – og samtidig koma inn under satsinga på nisjeproduksjon, meiner ho.

Ikkje for alle
Stølsentusiasten er likevel klar på at ikkje alle som har støl kan driva med stølsturisme.

– Det er mykje arbeid, og vertskapsrolla er ikkje for alle. Det er ikkje noko du kan læra deg til, slår ho fast.

Ho trur likevel at det folk likar å halda på med for sin eigen del også kan gjerast om til næring.

– Har ein ikkje eigenskapane sjølv, går det eventuelt an å setja ut drifta til andre som vil vera vertskap, seier den friluftsinteresserte 29-åringen som sjølv har gjort stølsliv til levebrød om sommaren og som køyrer hundespann med cruiseturistar om vinteren.

– Bra for bygda
Å blåsa nytt liv i stølsdrifta kan òg vera med å skapa meir aktive bygder, meiner ho og viser til ei vellykka satsing i Snåsa.

– Der får folk 50.000 kroner i tilskot for å vera fire veker på setervollen med mjølkeproduksjon og turisme. Det har vore ei vellykka satsing og har ført til at Snåsa har kome på kartet som ein seterregion, noko dei ikkje var før, seier Bianca.

Ho viser til at det no er 12–15 stølar i Snåsa som driv med stølsturisme. Som inngangsport til ein av dei største nasjonalparkane i landet og massevis av turstiar, kan turistane vandra frå støl til støl og gjera friluftsliv og stølsbesøk til ei eiga oppleving.

– Satsinga fører kanskje ikkje til auka matproduksjon, men det støttar i alle fall opp om turismen og skaper ein lokal identitet til Snåsa og gjev meir kjøt på beinet til besøkjande. Det er vel kanskje det som gjer at ein får meir levande distrikt også, seier Bianca Wathne Gelink. 

LES OGSÅ: Norsk stølsturisme i Berlin

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE