Hans Erik Kjosbakken, Fjuken
Hans Erik Kjosbakken, Fjuken

Saka var først publisert i Fjuken.

Tom Dahl filma tysdag efta eit sjelda vindfenomen i Skjåk. Ein kraftig virvelvind i dalsida på sørsida av elva Otta.

– Eg hadde rett og slett flaks som fekk filma dette, seier Dahl. Eg trudde fyrst det var brann, men såg snart at det ikkje var det, fortel han.

Også Nrk vil publisere filmen til Dahl. Dei har vore i kontakt med meteorolog Kristen Gislefoss, som kan fortelja at dette er eit sjeldan fenomen på denne tida av året.

Mini-tornadoen var svært aktiv over Vigstadmoen. Der bur Kjell Plassen.

– Skypumpa gjekk ved gamelgarden, og heldigvis var alt av torvtak og slikt frose fast slik at det ikkje var noko som for ille, seier Kjell Plassen. – Vi bur om lag 100 meter frå den gamle garden og merka ikkje noko til vinden, seier han.

Han har sett slike «kverviler» tidlegare, men ikkje på denne tida av året.

– Om våren, ein gong på 60-talet i Nordberg for det store halmebuntar til himmels før dei datt ned att heilt pulveriserte, kan Plassen fortelja.

Sjå filmen frå Tom Ording Dahl her:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08
ANNONSE