Boringa er rundt to veker forseinka på grunn av aksjonane.

NPK-NTB
NPK-NTB

Nordic Mining har førebels ikkje gjort alvor av truslane om å saksøkja aktivistane som har lenka seg fast på Engebøfjellet. Aksjonane har no stoppa.

– Vi har ikkje gjort noko med det, seier administrerande direktør Ivar S. Fossum i Nordic Mining til NTB.

Han varsla sist veke at han ville gå til søksmål for å få erstatning frå aktivistane som har lenka seg fast til anleggsmaskiner på Engebøfjellet i eit forsøk på å stoppa boringa. No vil han sjå an situasjonen. Grunnen er at selskapet enno ikkje har full oversikt over kostnadene.

– Vi skal gjera ferdig boreprogrammet. Så får vi ei oversikt over kva dette kostar oss, seier Fossum.

– Står du fast på at de vil saksøkja aktivistane?

– Vi held på med å gjera ferdig grunnen for det no. Så får vi undersøkja ulike moglegheiter knytt til det.

Boringa er rundt to veker forseinka på grunn av aksjonane, opplyser han.

– Vi har fått store og urettmessige tap som følgje av ulovlege aksjonar, så utgangspunktet vårt er at vi ønskjer å få kompensert og erstatta desse tapa. For mange verkar det kanskje ikkje som så mykje pengar, men for eit lite selskap som gjer lovlege undersøkingar, er det store summar, seier Fossum.

Naturvernforbundet fortel at aktivistane allereie har fått rundt 800.000 kroner i bøter for aksjonane, som varte i tre veker. (©NPK)

Les siste nytt om Førdefjorden her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

LES OGSÅ

ANNONSE