Rekordmange vil ha godkjent utanlandsk utdanning

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha godkjent utanlandsk utdanning

Stadig fleire vil ha godkjent utdanningar frå utlandet. I fjor fekk Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) over 7.500 søknader om godkjenning, ein auke på vel 15 prosent frå året før.

Største søkjarland er som dei siste åra Polen, med til saman 1.255 søknadar om utdanningar. På dei neste plassane følgjer Litauen, Serbia og Filippinane.

LES OGSÅ: Arbeidsinnvandring får unge til å sky byggfag

– NOKUT opplever ein stor auke i talet på søknadar om godkjenning av utanlandsk utdanning. Vi ønsker å bidra til at kandidatar med utanlandsk utdanning skal få brukt kompetansen sin i den norske arbeidsmarknaden. Det er derfor gledeleg at stadig fleire søkjer om godkjenning av utdanninga si, seier NOKUT-direktør Terje Mørland.

Syria vart femte største søkjarland i 2015, med ein merkbar auke kvart kvartal.

NOKUT opplyser at dei gjer kontinuerlege vurderingar av tilliten til syriske utdanningsdokument, og til no har tilliten vore vurdert som tilstrekkeleg god, slik at dei fleste søknadane har vore behandla på ordinær måte gjennom dokumentbasert saksbehandling.

NOKUT har også opplevd ein søknadsvekst frå andre flyktningland som Eritrea, Afghanistan, Irak og Iran.

LES OGSÅ: Inviterer til akademisk dugnad for flyktningane

Mørland reknar med at auken i søkjartalet vil fortsette i 2016, dermed vil saksbehandlingstida også auke. I fjor låg ho i snitt på vel halvannen månad. (©NPK)