Ferjefri E39 vert over dobbelt så dyrt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ferjefri E39 med sju fjordkryssingar kan bli realisert innan tjue år, men det blir «finansielt utfordrande», ifølgje plandokumentet for Nasjonal transportplan 2018– 2029.

Prosjektet har blitt 190 milliardar kroner dyrare sidan den raudgrøne regjeringa sa ja til å byggje ferjefri E39på 20 år, skriv Bergens Tidende. Måndag overleverte Jernbaneverket, Kystverket, Statens vegvesen og Avinor grunnlagsdokumentet for Nasjonal transportplan 2018– 2029 til samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

LES OGSÅ: Miljøpartiet går imot ferjefri E39

Hordfast auka i pris
– Ferjefri E39 med sju fjordkryssingar kan teknisk og planmessig realiserast i løpet av 20 år, men det er finansielt utfordrande med eit førebels kostnadsanslag på 340 milliardar kroner, skriv Jernbaneverket, Kystverket, Statens vegvesen og Avinor om E39-prosjektet.

Mellom anna er Hordfast i kommunane Stord, Tysnes og Os kostnadsrekna til 39 milliardar kroner, medan eit anslag frå i fjor sa 27 milliardar, fortel BT. E39-arbeidet startar med bygging av Rogfast frå Stavanger, heiter det i NTP-forslaget.

LES OGSÅ: Opnar for superfart på E39

Vedtak i 2017
Grunnlagsdokumentet blir no sendt på høyring, med høyringsfrist 1. juli 2016.

– No startar den politiske delen av dette. Vi skal gjere vedtak i Stortinget før sommaren 2017. Forhåpentleg blir det med eit breitt og godt kompromiss, sa samferdselsministeren under pressekonferansen. (©NPK)