22-åring satsar på fjellturisme

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utgangspunktet er Lom, Jotunheimen og Breheimen.

Iver Lund Aakre vil gjennom si nyetablering invitere til aktive opplevingar i ei trygg og avslappa ramme. Gode meistringsopplevingar skal stå i fokus. Alle er ulike. Somme er spreke, andre er mindre spreke. Somme er fjellvante, andre har nesten aldri vore til fjells i det heile tatt. Iver Lund Aakre ynskjer å hjelpe alle til å oppleve magiske og minnerike augeblikk i fjellheimen.

Med Fyrst og Fremst kan folk gå på Galdhøpiggen, tinderangle i Jotunheimen eller vera med på topptur på ski. Eller vera med på grottetur, brevandring eller berre oppleve ein soloppgang. Eller titte på blomane, kanskje.

– Det kjennest litt skummelt å etablere mitt eige firma, men samstundes er dette noko eg har tenkt på nesten heile livet. Eg har teke utdanning med tanke på dette, eg har på ein måte alltid hatt det i bakhovudet, seier Iver.

Saka var først publisert i Fjuken. Du kan lesa meir i papiravisa deira.