Professor og eks-statsråd Victor Norman meiner det er avgjerande å få ein samla by- og arbeidsmarknad mellom Bergen og Stavanger.

mm

Victor Norman innleia om kommunestruktur og bu- og arbeidsmarknadsregionar på frukostmøtet til Stord næringsråd og Sparebanken Vest torsdag.

Der sa han at han saknar fokus på gode bu- og arbeidsmarknader i arbeidet med kommunestruktur.

– Dei einaste som opplever tilflytting på Vestlandet er Bergen og Stavanger. Sunnhordland og Haugalandet opplever folkevekst på grunn av fødselsoverskot og innvandring, påpeika han.

Sidan 2000 har det vore ein netto innanlands fråflytting frå Sunnhordland på nær 5000. I indre strok er fråflyttinga endå større i prosent.

– Me må byggja ei lenkje med byar i eit fullintegrert bu- og arbeidsmiljø mellom Bergen og Stavanger.

Heller fleire ferjer enn ventetid på bru?
Victor Norman kom òg med ei anna utfordring til dei frammøtte. Han trur det vil ta «frykteleg lang tid» å venta på ferjefri veg til Bergen.

– Ein treng ikkje venta mange år på å få ferjer som går kontinuerleg, slik at ein slepp å venta, sa han og viser til at Sverige satsar meir på hyppigare avgangar med ferjer i staden for ferjefrie vegar.

Leiar i Hordaland Høgre, Liv Kari Eskeland, sa i møtet at ho er glad for å få tilbakemeldingane, og understrekar at ho meiner det er viktig med ein samanhengane bu- og arbeidsmarknad mellom Bergen og Stavanger.

– Kommunane må byggast nedanfrå
Som arbeids- og administrasjonsminister var Victor Norman med på å flytta ut statlege arbeidsplassar og makt ut av Oslo. Kva kan kommunereforma ha å seia for det?

– Det er viktig for å få kommunane til å fungera betre. Og viss me ikkje får kommunane til å fungera betre, så får me sleppa marknaden laus, seier Norman til Framtida.no. Han viser til minst to «eldre-tsunamiar» som vil pressa økonomien til kommunane endå meir i åra fram mot 2030.

Victor Norman meiner dei nye kommunane må byggjast på nytt nedanfrå og ikkje ovanfrå og ned slik han meiner NAV blei bygt opp.

– Fusjonar får mykje dårleg med seg. Kommunane må få fridom og plikt til å prøva ut uortodokse løysingar, seier han og nemnde sakshandsaming av byggesaker over bordet og fridom til å sjukemelda seg sjølv som vellukka forsøk på Sørlandet som fekk ned både sakshandsamingstid og sjukefråveret.

– I offentleg forvaltning er fornying først og fremst små forbetringar av det ein held på med. Sjeldan spør ein seg om det ein held på med er rett, sa Norman.

Han meiner kommunane òg må få rom til å driva med næringsutvikling, og viser til at nær 90 prosent av budsjettet til kommunane går til velferdstilbod.

Og til dei som uroar seg over at innvandring kan pressa velferdsstaten, så gav han denne leksa:

– Det er ikkje-innvandring som trugar velferdsstaten. Skal me klara dette, så treng me fleire hender, seier han.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE