Oppgjer med sjølvgod oppdrettsnæring

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha meir miljøvenleg oppdrett

– Vi har ei næring som er meir opptatt av å snakke seg ut av miljøproblema enn å løyse dei, ei næring som møter kritikk med «enten er du med oss, eller så er du mot oss», og som skuldar all kritikk for å vere driven av «oppdrettshat», skriv Kjersti Sandvik i boka Under overflaten. En skitten historie om det norske lakseeventyret.

LES OGSÅ: WWF-rapport: – Det står dårleg til med hava

Sandvik, som til dagleg er journalist i avisa Fiskeribladet Fiskaren, har funne mykje grums under overflata. Kort fortalt: Nokre få tener svært godt på eit lite regulert oppdrett, men utan at samfunnet får så mykje tilbake. Prisen er veksande miljøproblem, rømming, lus, sjukdom, medisindumping i sjøen, tvilsam dyrevelferd og ufornuftig bruk av fôrråstoff. Kanskje er resultatet til og med fisk som ikkje er sunn å ete.

Det kan høyrast ut som ein katastrofe, men fullt så ille er det ikkje, meiner forfattaren.

– Å kalle det ein katastrofe er vanskeleg fordi det er mange som driv godt, og som klarer å halde fisken sjukdomsfri og fri for lus. Det er dei som ikkje gjer det som øydelegg for veldig mange, seier Sandvik, som har følgt oppdrettsnæringa som journalist i snart tjue år.

Brysam forsking
– Det er ei utbreidd haldning i næringa at det ikkje er nødvendig med tiltak så lenge det ikkje finst vitskaplege bevis for skadeverknader. Føre-var-prinsippet, som dei er pliktige til å drive etter, står veldig svakt, slår ho fast.

Forsking som er brysam for havbruksnæringa, til dømes at oppdrettslaksen kanskje ikkje er så sunn å ete, blir gjerne feia bort og bagatellisert av både styresmakter og næring. Men det finst seriøs forsking på dette som ikkje kjem ordentleg fram, meiner Sandvik.

– Vi som skal ut å kjøpe denne fisken, må få vite om det òg. Vi kan ikkje berre servere gladversjonen når den kan vise seg å vere unyansert og i verste fall feil, seier ho.

LES OGSÅ: – Havbasert fiskeoppdrett er framtida

Ringverknader og sysselsetjing
Sandvik pirkar òg i biletet av ei næring som skal bli eitt av lokomotiva når olja snart tar slutt. For sjølv om oppdrettsnæringa eksporterer for imponerande summar, er ho eigentleg ikkje så stor målt etter sysselsetjinga. Ikkje meir enn rundt 6.500 personar arbeider direkte med fiskeoppdrett i Noreg, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

– Da er dei ganske snare til å trekkje inn alle ringverknadene, men det gjeld jo ikkje berre oppdrettsnæringa. Alle næringar gir ringverknader, seier Sandvik.

Kjersti Sandvik synest politikarane har gjort ein tabbe når dei i dag står utan statlege eigardelar i oppdrettsnæringa. Staten kvitta seg tidleg med oppdrettslokomotivet Hydro Seafood, som i 2000 vart ein del av det da vesle Marine Harvest, men gjekk same året tungt inn i næringa igjen gjennom Cermaq. Men også der selde staten seg ut 2013.

– Når staten har valt vekk å ha eigardelar i næringa, så går veldig lite av overskotet i denne superlønnsame næringa tilbake til lokalsamfunnet der fisken blir ala opp, og der sjøen kanskje blir forureina av medisinrestar og så vidare. I staden går det i lomma på dei største aksjonærane, og dei kan jo sitje kor som helst i verda, seier ho.

Statoil-modellen
Statoil-modellen, der staten har fått 78 prosent av overskotet frå verksemda i Nordsjøen, burde har vore forbildet i forvaltinga av naturressursane i fjordane våre òg, meiner Sandvik.

– Når ein vel bort ei jamn og sikker inntekt til staten – enten det er i form av arealavgift eller eigarskap i selskap – så er det ikkje dei store pengane som kjem tilbake til samfunnet. Det er ganske uforståeleg at ikkje nokon har klart å vere like visjonære som dei var på syttitalet, seier Sandvik.

Sjølv om næringa no erkjenner at dei har store utfordringar med rømming og lakselus, ventar dei ny vekst og velstand alt i 2017. Er det naivt?

– Næringa får igjen no for at dei lenge berre har bagatellisert og argumentert mot problema. Om dei klarer å løyse det på eitt år, så er dei gode, men eg trur det kjem til å ta lengre tid, seier Sandvik.

LES OGSÅ: Fleire vel akvakultur

– Noko må gjerast
Forfattaren trur det kan vere mange løysingar som kan få oppdrettsnæringa på eit sunnare spor, men to ting må til, meiner ho: lukka anlegg og meir berekraftig fôr.

– Det kan vere mange forskjellige teknologiar som er lukka frå miljøet utanfor, men du kan ikkje drive slik som i dag. Det er i alle fall heilt sikkert.

Med så mykje kritikk mot oppdrettsnæringa på ein gong er Kjersti Sandvik førebudd på å få reaksjonar, og at ikkje alle kjem til å like det ho skriv.

– Eg er litt spent. Men eg vil jo noko med denne boka. Eg vil gjere samfunnet merksam på ein del ting som ikkje er bra, og at noko må gjerast. Næringa har sjølv levd litt skjerma, men no er det kanskje på tide at fleire blir klare over farane som oppdrettsnæringa kan føre med seg, seier Kjersti Sandvik. (©NPK)