Nordic Mining saksøkjer aktivistane

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 I dag stadfesta Nordic Mining ovanfor NRK Sogn og Fjordane at dei vil gå til søksmål mot aksjonistane som har hindra gruveselskapet i å starta dei planlagde prøveboringane i Engebøfjellet.

– Me vil krevje økonomisk erstatning. Dette har pågått over veldig lang tid, og gått frå det som kunne vore ei enkel markering til noko som har kosta oss betydelege beløp, seier direktør Ivar Fossum til NRK.

Nordic Mining har ikkje full oversikt over kva aksjonistane har kosta selskapet, men prøveboringane skulle etter planen tysdag 2. februar. Denne helga tok Natur og Ungdom ein pause frå aksjonane etter nesten tre veker der dei har fått nesten 900.000 kroner i bøter.

LES OGSÅ: Her blir partileiarane arrestert av politiet

Aksjonistane har kjempa for å stogge planane om å dumpe gruveavfallet frå rutil-utvinning i Engebøfjellet i bygda Vevring i Naustdal i botnen av Førdefjorden. 

Leiar i Natur og Ungdom, Ingrid Skjoldvær, reagerer sterkt på søksmålet.

– Det er hårreisande at Fossum og co vil saksøkja aksjonistane for utgifter til et prosjekt som aldri burde sett dagens lys. Aksjonistane handlar av moralsk overtyding fordi dei føler eit ansvar for å etterlate fjorden i minst like god stand til sine etterkommarar. Fossum handlar for sikre aksjonærane sin profitt og personlig vinning på kostnad av miljø og framtidige generasjonar, seier Skjoldvær i ei pressemelding.

Organisasjonen har i samarbeid med Naturvernforbundet, Norske lakseelver og fleire andre klaga inn Regjeringa sitt vedtak om å opna for sjødeponi i Førdefjorden for Kongen i Statsråd og ESA. Før helga avviste Kongen i statsråd klaga.

Formannsskapet i Førde har òg klaga vedtaket inn for EØS-domstolen ESA, men desse klagene er ikkje ferdig behandla.

Skjoldvær meiner planane i Engebøfjellet ikkje skulle vore sett ut i livet før klagebehandlinga er ferdig.

– Demokratiet har enno ikkje sagt sitt. Motstanden mot å dumpe avfall i fjordane er brei Noreg og sterkt aukande internasjonalt, hevdar Skjoldvær.

DEBATT: «Noreg, ikkje kast miljøkrava på havet»

Faktaboks

Dette er saka:

I april 2015 fekk selskapet Nordic Mining løyve til å grave fram mineralet rutil frå Engebøfjellet i Naustdal kommune i Sogn og Fjordane

Avfallet skal dumpast i Førdefjorden, utanfor bygda Vevring

Planane er klaga inn til EFTAs overvakingsorgan ESA og til Kongen i statsråd

Klagene er enno ikkje behandla, men selskapet har fått løyve til å sette i gang med prøveboringar frå tysdag

Ifølgje NRK skal to boreriggar bore 37 hol i fjellet dei neste to månadene, til saman 6.000 meter med borekjerne.