(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

Fleire har tatt kontakt med Kyrkjerådet og etterlyst ei elektronisk løysing for inn- og utmelding, og kyrkjevalet i fjor gjorde det også klart at noko må gjerast med medlemsregisteret, skriv Dagen.

LES OGSÅ: Rekordmange melder seg ut av kyrkja

No har Kyrkjerådet sendt saka om elektronisk inn- og utmelding på høyring, og allereie 7. mars er det sett frist for at saka kan komme opp på kyrkjemøtet i april.

Kyrkjerådet ser ikkje mange ulemper ved ei nettløysing, men det ser faren for flyktige og innfallsprega utmeldingar. «Dette bør likevel ikkje vere til hinder for at dei som vil melde seg ut, kan få gjort dette raskt og enkelt», skriv rådet i høyringsbrevet.

Ein av høyringsinstansane er Kristiansand kyrkjelege fellesråd, og der ønsker kyrkjeverje Hans Erik Ruud elektronikken velkommen.

LES OGSÅ: Homovigsel i kyrkja tidlegast 2018

– Vi seier ja til dette. Kyrkja heng etter i teknologien. Folk er på nett, det er det som gjeld, seier Ruud til Dagen.

I fjor vart det sett utmeldingsrekord i Den norske kyrkja, då 15.886 medlemmer takka for seg. Same år melde 2.071 personar seg inn i Kyrkja, også det rekord. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

Kommentarar

ANNONSE