Ole-Ottar Høgstavoll, Vikebladet Vestposten
Ole-Ottar Høgstavoll, Vikebladet Vestposten

– Den fyrste opplevinga eg hadde med ein amerikansk bil var då eg blei påkøyrd av ein som fireåring. Det var den fyrste amerikanaren i distriktet, seier Annstein Flø til lokalavisa og flirer.

No blir Annstein med i ei scene i filmen Børning 2, der også amerikanske bilar er med. Han har ikkje sett den fyrste filmen enno, men seier han skal gjere det. Og nummer to må han også sjølvsagt sjå.

– Det var veldig spanande å få vere med på dette. Og så kan eg jo faktisk «børne» eg også, seier 83-åringen med eit lurt smil.

LES OGSÅ: Hundrevis vil bli statistar på «Børning 2»

Her kan du sjå trailer for den første filmen:

Sjømann
Annstein har hatt eit langt og innhaldsrikt liv, og mykje skjedde før amerikanske bilar igjen blei ei stor interesse for han. Han var sjømann i heile 48 år.

– Eg byrja som smørjar på gamle «Grøyven» vinteren 1947, som eg var med på å måle då den blei bygd. Eg var seinare med «Ramoen».I 1950 blei han med på ein tankbåt, og sidan har han gjennom heile sitt yrkesaktive liv vore på sjøen.

Frå Oldsmobile til Mustang
Fyrste bilen kjøpte han saman med far sin og ein bror i 1954, ein DKW. Så kjøpte Annstein seg ein 1938-modell Oldsmobile, med åttesylindra rekkemotor. Litt etter dette reiste han på sjø og var innom byar langs vestkysten av USA. Der såg han fleire stadar store fjell av bilvrak, og kom til å tenkje at han ville finne seg eit karosseri til understellet frå Oldsmobilen.

Men det fann han ikkje, sjølv om han var både ein og to turar langs vestkysten med båten han var på, frå San Diego til Seattle og Vancouver. Vel heime i Norge igjen etter 24 månadar på sjøen i strekk kjøpte han seg ny bil, ein Opel, som han køyrde heim frå Tyskland. Det blei ikkje meir med Oldsmobilen han kjøpte, men det var like fullt den fyrste amerikanaren Annstein eigde sjølv.

LES OGSÅ: Ei annleis eksosrype

– Det var ein fantastisk bil, med handgass. Når det regna lak han litt, så eg trakk beina opp i setet og brukte berre handgassen.Etter dette blei det ikkje så mykje tid til å pleie fascinasjonen for amerikanske bilar. Men det var inntil i 1995, då Annstein gjekk i land og blei pensjonist. Han er maskinist av yrke, og skrudde mykje både på bil og traktor. Dottera Anne Stine kom nokre år seinare til han med ein amerikanar ho hadde fått låne, og sa til faren at han måtte bli med ut på Amcar-klubben.

– I og med at også dottera mi hadde fått ein fascinasjon for amerikanske bilar, så vekte det interessa mi igjen. I 2004 gjorde eg alvor av det, og kjøpte eg meg ein Ford Mustang. Same året melde eg meg inn i AMCAR Ytre Sunnmøre, seier Annstein.

LES OGSÅ: Sjå Anton (25) sin hyllest til bestefaren


Her er eit bilete Annstein fekk av to av dei andre medlemmane i AMCAR Ytre Sunnmøre. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll 

– Livslang kjærleik
Ford Mustang er altså tingen for Annstein, noko ein tydeleg ser om ein tek turen ut på Ulstein der han har garasjen dekorert med Ford-effektar og hjulkapslar. Den fyrste interessa for den ikoniske muskelbilen fekk han under tida si i Canada på 1960-talet.

– Eg var mykje i Halifax mellom 1966 og 1968, og var om bord i «Martin Karlsen» som maskinsjef. Vi var fleire turar til mellom anna Grønland, og båten låg mykje i nettopp Halifax. Dette var i ei tid der det kom mange nye modellar av amerikanske muskelbilar, mellom anna Ford Mustang. Eg såg fleire slike der borte, og ein sånn ville eg ha, sa eg med meg sjølv. Men, eg hadde nettopp bygd hus heime. Ein bil kosta knapt 2.000 dollar i Canada på den tida, men avgiftene i Norge var også då høge. Det vart ikkje då, med andre ord, seier Annstein.

I dag eig han som sagt ein Mustang, har restaurert ein til som dottera eig, og restaurerer også ein Buick. Han trur ikkje interessa for amerikanske bilar, og då først og fremst Ford, vil spakne med det første.– Nei, dette er ein livslang kjærleik som eg vil ha til dagen eg ikkje er meir, seier Annstein, som også ynskjer at fleire yngre vil bli medlemmar i AMCAR-klubben.

LES OGSÅ: Manusmekkaren

Her kan du få eit innblikk i korleis den første filmen vart laga:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE