Møre-Nytt
Møre-Nytt

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

Kim er transmann. Han er fødd kvinne, men er mann. Ein mann som alle andre, berre med litt andre føresetnader. Vegen fram har vore lang. Og det er framleis eit godt stykke att å gå. Han stod først fram som lesbisk då han byrja på folkehøgskule som 17-åring. Det vart raskt allment akseptert. Han fekk mange vener. Ein ny start. Slik heldt det fram på vidaregåande i Ålesund også. Jeanette stod framføre kronprinsen på Dignity Day på Borgund vidaregåande og fortalde si historie. På utsida var livet komplett, men inne i Jeanette raste stormen vidare. Å vere lesbisk er det lett å få aksept for. Å vere transmann sat lengre inne. Det måtte ut det også. Etter Dignity Day kom det eit tilbod om å vere med i ein dokumentar på TV2.

– Der sa eg det openlyst for første gong: Eg er fødd i feil kropp.

LES OGSÅ: – Eg vil ha eggstokkar å vera mann

Gløymt
– Det er som ein evig slåstkamp mot seg sjølv, fortel Kim.

Han er eldst av sju søsken og kjem frå Dyrkorn i Stordal. I dag er han gift med Marie Dyrkorn Egge frå Vartdal, og er busett i Ørsta. Mykje av oppveksten har han gløymt. Det meste handla om den indre kampen. Kjensla av å vere gut når samfunnet behandla han som jente. Hatet mot sin eigen kropp. Mobbinga på skulen. Puberteten.

– Kva er det som skjer med kroppen min, spurte eg faren min.– No er du i ferd med å verte ei flott dame, sa han, snill som han er. Det var den verste beskjeden eg kunne få.

Støtte
Via felles vener møtte han Marie. Dei vart kjent gjennom lange samtalar på internett. Ei moderne kjærleikshistorie. Der opna dei seg for kvarandre. Jeanette torde å dele sine inste tankar og frustrasjonar, og Marie lytta og støtta. Det gjekk fire år før dei møtte kvarandre andlet til andlet. Sidan har det vore dei to. I juli 2014 gifta dei seg. Jeanette og Marie.

– Eg vart saman med ein som er fødd i feil kropp og som er transmann. Eg vart saman med Jeanette og gifta meg med Jeanette. Men tidleg i januar 2015 vart Jeanette til Kim Luca. Kim har alltid vore mann i mine auge, fordi han alltid har fortalt meg alt. Eg respekterer Kim og har ingen problem med å stå ved Kim si side når han no går gjennom ein prosess med å bytte kjønn, seier Marie.

LES OGSÅ: Refsar Noreg si behandling av transpersonar

Transseksualisme
For det er det som er målet, men det er ikkje gjort i ei handvending. Eit namneskifte endrar ikkje ein kvinnekropp. Det er time på time med psykologtimar og utgreiingar fram mot ein diagnose. Transseksualisme.

– Så er det ventetid og nye utgreiingar på Rikshospitalet, og heilt i enden er målet: testosteron, seier Kim.

Skjeggvekst, breie skuldrer, smal midje. Stemmeskifte. Ein ny pubertet. Den puberteten han ikkje fekk då han var i tenåra. Då kan livet finne si rette form.

– Det var ein tidlegare lærar av meg som tok kontakt då ho såg at eg hadde skifta namn. Ho fortalde at i 2. klasse hadde ho alltid problem med å finne innleveringsoppgåvene mine, fordi eg signerte dei med Kim. Eg skreiv Kim på pennalet og på bøkene mine. Men dette hugsar eg ikkje sjølv. Eg har fortrengt mykje. Men kanskje låg det i bakhovudet då eg valde namnet mitt i vaksen alder, undrar Kim.

LES OGSÅ: Kjønnspøbelen Kristin Fridtun

Tabubelagt
No går han til psykolog. Obligatoriske timar for å få på det reine at dette er noko han verkeleg ønskjer. Han veit dette er det rette, men må ha det svart på kvitt på papira før prosessen kan gå vidare.

– Det er mange motbakkar. Det handlar ikkje berre om det fysiske, altså hatet mot eigen kropp, men det krev også mykje psykisk. Eg er kjent som ein gledesspreiar. Eg fleipar og smiler. Marie ser frustrasjonen. Baksida. Utan henne hadde eg ikkje meistra livet. Eg hadde ikkje klart det. Du kjem langt med familie og vener, men det å ha ein som verkeleg ser deg, det er alt, seier Kim.

Marie har fått mange spørsmål om kva som vil skje med forholdet deira når Kim byter kjønn. Det provoserer henne.

– Eg er her framleis, og skal vere her i framtida. Dette er ingen lett prosess, men vi står saman. Kvar einaste dag ser eg den store fortvilinga Kim ber på. Det er vondt å sjå. Alt eg vil er at Kim skal vere lykkeleg og nøgd med seg sjølv. Eg seier det alltid: Du skal ikkje høyre på kva andre meiner. Du skal gjere det som er rett for deg.

For familien til Kim er ting i ferd med å gradvis falle på plass. Dei har byrja å skjøne at Jeanette er historie, og at det er Kim som er framtida, sjølv om det ikkje har vore enkelt for dei heller.

– Vi har sju tante- og onkelbarn. Dei eldste gjekk frå å seie tante Jeanette til å seie onkel Kim på ein og same dag. Det seier litt om kor flinke ungar er til å tilpasse seg, reflekterer Kim.

Det er også difor han vil dele si historie. Han har ikkje valt sitt liv. Han har fått det, og han opplever at transseksualisme er tabubelagt. Noko folk ikkje snakkar om, om det ikkje er bak ryggen på folk.

– Nokon må stå i stormen og ri bølgjene. Fortelje at dette også er det normale for mange menneske. Det er ikkje noko folk skal måtte bere på aleine.

LES OGSÅ: Siger for transpersonar i Kenya

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

Kommentarar

ANNONSE