«Sjokk-sjokket»

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein journalist som har avslørt mykje om Treholt-saka, er no sjølv avslørt som juksemakar.

Det er klart dette er eit sjokk for alle oss som skriv i avisa.

Ikkje at ein journalist har blitt avslørt som juksemakar, sjølvsagt. Det kan umulig overraske nokon. Alle undersøkingar viser at journalistar har hårfint meir tillit i folket enn yrkeskriminelle, og er hårfint meir populære enn mygg. Alle vi som skriv i avisa veit også det. Og vi liker det litt. Vi trur nemlig det er slik fordi vi pirkar borti alt som er ubehagelig i samfunnet. Vi bryr oss ikkje om at det sannsynligvis berre er sånn fordi folk rett og slett ikkje liker oss.

Så det er ikkje det som er det verste med denne siste Treholt-avsløringa. Det verste er frykta. Frykta for at dagen nærmar seg. Dagen vi helst ikkje vil tenke på.

Dagen då vi må slutte å skrive om Treholt-saka.

Det er det verste som kan skje. At dei som har jobba for å få tatt opp att Treholt-saka gir seg no. At dei seier: Ok, vi har blitt lurt. Nok er nok. No er det ikkje meir i denne saka. Det er slutt no. På tide å legge dette bak seg og komme seg vidare.

Nei.

Det kan vi jo ikkje.

Då har vi ingenting. Viss ikkje vi som skriv i avisa kan skrive om den meir enn tretti år gamle Treholt-saka, kva skal vi gjere då?

Ja visst skriv vi om andre ting, kvar dag, og vi skriv som om det var det viktigaste i verden. For vi kan ikkje anna. Vi er sinte, vi er moralske, og skriv kommentarar om at det er vinglete å vingle, det er hjarterått å vere hjarterå, det er feil å føre folk bak lyset og det er bra å vere ærlig. Vi skriv om pengebruk og flyseteavgift, vi finn på tulleord for å gjere politikken meir spennande, vi har armane i kors og ser morske ut på bilde for at det skal verke som om vi har noko å fortelje folk.

Men vi er tomme inni oss. Vi veit eigentlig at vi skriv om ingenting.

Det einaste som har halde oss oppe alle desse åra, er vissheita om at det alltid snart kjem ei ny Treholt-avsløring som vi kan skrive altfor mykje om. Berre då er vi lykkelige. Berre då er vi heile. «Han svek oss alle», kan vi skrive då. «Sjokket».

Vi veks når vi skriv om Treholt-saka. Det er som om alt får meining. «Jeg fulgte selv Treholt-saken nøye», skriv vi og kjenner at vi er ein del av historia. Endelig. For ein gongs skuld. Vi bruker store ord. Dei største. Krig. Svik. Det er koffertar. Det er teipbitar. Det er avlytting. Det er overvaking. Det er mystiske kjelder. Det er kontantar. Det er hemmelige møte.

Det er alt. Alt vi vil ha. Så vi skriv og vi skriv og vi skriv.

Håret blir tynnare. Skjegget blir meir og meir ustelt. Kulemagen veks. Og vi skriv og vi skriv. Om dårlige kornete fotos tatt i skjul. Om tjukke konvoluttar som skiftar eigar. Og klimaet mellom stormaktene. Vi skriv og skriv. Vi gir blaffen i at ingen under førti bryr seg. Dei som er endå yngre var ikkje eingong født under rettssaka. Det tek vi lang rennefart og drit i. For dette er saka vår. Dette er det som gjer at vi kjenner oss som menn, uansett kjønn. Dette er saka som gjer at vi får lyst til å begynne med sprit og røyk igjen på kontoret. Kaffiflekkane på buksene våre blir større. Blikket blir villare. Tennene blir brunare. Vi gjer noko. Vi er nokon. Det skjer noko.

Vi er lykkelige. Berre då er vi lykkelige.

Viss det tek slutt no, då har vi ingenting.

Då må vi vurdere å skaffe oss ordentlig arbeid. Og det, folkens, det er ingen tente med.


Først publisert i Aftenposten 20. februar.

Les fleire Kalvø-tekstar her!