(NPK):
(NPK):

Det viser tal frå turistkontoret på Island, Ferdamálastofa.

Rundt 77.500 utanlandske turistar gjesta sagaøya denne månaden, om lag 14.800 fleire enn i januar i fjor. Januar-tala er firedobla sidan 2010, skriv nettstaden Iceland Review.

Turistar frå Storbritannia utgjorde den største gruppa – 35,5 prosent – mens 18,6 prosent kom frå USA. Det tredje største landet var Kina, som stod for 4,3 prosent av dei tilreisande. Dermed var der fleire kinesarar enn tyskarar på Island denne månaden. (©NPK)

TEST DEG SJØLV: Kan du «Íslenska»?

Her kan du sjå levande bilete av geysiren:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

Kommentarar

ANNONSE