Forfattar Sally Gardner lærte å lese som 14-åring

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forfattar lærte å lese som 14-åring

Korleis hadde historia sett ut om Adolf Hitler hadde døydd den dagen i 1931, då han vart påkøyrt på eit overgangsfelt i Munchen?

Eller kva om den britiske statsministeren Winston Churchill hadde stroke med då han vart tuffen av ein bil same år?

Forfattaren Sally Gardner sit med heva augebryn bak typete briller. På ein kafè på Aker Brygge i Oslo, teiknar ho opp det alternative universet som var starten på romanen Markspist måne.

Gardner er ein stor tilhengar av «kva om»-spørsmålet. Svaret er ikkje like viktig.

LES OGSÅ: «Julefeiringa er ein stor triumf for meg»

Dyslektikaren som vart forfattar
Gardner er forfattaren som lærte å lese som 14-åring – og som skifta namn fordi ho ikkje klarte å stave sitt fødselsnamn, Sarah.

Ho er i Oslo for å promotere romanen Maggot Moon, som nett har kome på norsk.

I tillegg til å vere over snittet interessert i å førestille seg alternative retningar i historiebøkene, er ho brennande engasjert i dysleksi.

– Å kalle dysleksi for eit lyte er ei blodig fornærming, seier forfattaren.

Bodskapen hennar er ganske enkel: Dysleksi handlar ikkje om lese- og skrivevanskar.

– Lærevanskane er berre toppen av isberget. Dysleksi handlar om å oppleve verda på ein annan måte. Det er ikkje eit handikap, men ei gåve, seier Gardner.

Ifølgje forfattaren tenkjer dyslektikarar multidimensjonalt, altså med alle sansane samstundes, dei er nysgjerrige, kreative, intuitive, innovative, merksame på omgjevnadane sine og gode på oppgåver i den verkelege verda. Og når ein dyslektikar har lært seg å gjere noko, forstår dei det på eit djupt og intuitivt nivå, meiner forfattaren. 

– The time has come to think outside the box. Eg vil ikkje ein gong kalle oss dyslektikarar. Eg vil kalle oss picture thinkers (visuelle tenkjarar), slår den britiske forfattaren fast.

Eit håplaust tilfelle
Som barn vart Sally Gardner rekna som eit håplaust tilfelle. Ho vart mobba på skulen fordi ho var annleis. Ho hadde problem med å knyte sine eigne sko, og ho ana ikkje korleis ein stava K-A-T-T.

Ingen kunne lære advokatdottera frå London å lese, og som 12-åring vart ho diagnostisert med dysleksi – eit ord ho framleis ikkje kan stave.

Som 14-åring, då alle hadde gitt ho opp, lærte Sally å lese. Etter grunnskulen kom ho inn på ein kunstskule, og vart teaterdesignar. Men det var først då det håplause tilfellet bestemte seg for å bli forfattar, at ho verkeleg byrja sette pris på dysleksien.

– Dysleksi er som Rubiks kube: det tek tid å finne ut korleis ein skal handtere det, men når ein først finn ut av det, kan det verkeleg vere ei gåve. Det eigentlege problemet med dysleksi, er at sjølvbiletet ditt vert øydelagt av negativiteten du møter frå lærarar og medelevar.

Det skal noko til å komme ut av skulesystemet ved godt mot, seier forfattaren.

LES OGSÅ:  Erna Solberg: Eg har dysleksi og eg skriv sjølv

På tide å tenkje utanfor boksen
Forfattaren seier skulegongen var øydeleggjande for sjølvbiletet hennar. Det var møtet med systemet som gjorde dysleksien til eit problem.

– Så mange barn vert knust av å møte utdanningssystemet. Eg vart det, og har aldri gløymt korleis det var. Sjølv om eg skulle ønskje eg kunne seie at det var skjedd ein fantastisk revolusjon sidan eg var barn, er det om lag like ille i dag. Vi er meir oppteken enn nokon gong av å måle resultat, men kva seier ein karakter om eit menneske?

Måten vi i dag forstår dysleksi på, går ikkje berre utover personar. Også som samfunn risikerer vi store tap, ifølgje Gardner. Ho listar opp: Albert Einstein, Agatha Christie, John Lennon, F. Scott Fitzgerald, Steven Spielberg, Henry Ford, Leonardo da  Vinci, Pablo Picasso, Steve Jobs og Andy Warhol, er alle kjende dyslektikarar.

– Nokre av dei mest kreative menneska som har levd har hatt dysleksi. Og utan fantasi og kreativitet kan vi ikkje løyse verdsproblema, seier forfattaren.

Det krever ein skule som kan ta høgde for alle dei ulike hovuda og fantasien deira, meiner ho.

– Vi må ha ein skule der borna vert sett og verdsett for sine unike talent. Der alle får leve opp til sitt potensiale. Tenk om skulen hadde vore som ein symjehall, der barna kunne skifte mellom dei ulike symjebanene. Då kunne dei symje ut av hurtigbana om det vart feil, og inn att seinare om dei ville det.

– Om vi ikkje kan teste elevane, ofrar vi også noko?

– Kontroll, svarar Gardner.

Spørsmålet er konge
Hovudpersonen i romanen Markspist Måne heiter Standish Treadwell. Han har dysleksi og lever i eit undertrykkjande regime.

Då han og venen Hector finn ut noko som styresmaktene for ein kvar pris vil halde skjult, vert det tydeleg at Standish tenkjer annleis enn mange andre i Sone sju, der Moderlandet held dei og andre avvikarar under strengt oppsyn.

Boka er både ei historie om å tenkje utanfor boksen og gå mot straumen, ei kjærleikshistorie, og ei bok som spelar på «kva om»-spørsmål.

For Sally er ikkje svaret på kva om-spørsmåla så viktige.

– Det viktigaste er å stille spørsmål, slik Standish gjer. Spørsmålet er kongen, svaret er irrelevant, seier forfattaren.

Ho har sterk tru på at enkeltmenneske kan gjere ein skilnad.

– Det å kunne førestille seg eit alternativt scenario, er ein undervurdert kvalitet. Og for å stille dei riktige spørsmåla, treng vi dei som tenkjer annleis.

LES OGSÅ: Dysleksivenleg skule

Faktaboks

The Box (av Sally Gardner)

Dyslexia is a word that means frustration,

quite unspellable and a poor explanation

as to all the problems we have in education.

As far as I’m concerned it’s a misinterpretation

of a gift of a great imagination,

and we need freedom from that discrimination.

But I want to ask the question,

if imagination is the fuel of the nation

then why are we judged by such limitations,

not allowed to do oral examinations.

This is a tick box nation,

five seconds of your concentration.

No politician wants to think about school reorganisation

because no politician has the ideas for that kind of conversation.

So what are the implications

in this age of electronic communications,

when we still judge our children by out of date examinations.

Perhaps with a little bit of imagination

we could change the situation

for a whole generation

that feel they have no meaningful representation.