Torstein Nymoen, Grannar
Torstein Nymoen, Grannar
Faktaboks

«Kong Magnus»

• «Kong Magnus» vart bygd som eit sysselsettingstiltak med såkalla SKAP-midlar på Kyrping 1992, og under rettleing av Kolbjørn Rønnevik i Etne båtbyggeri. Også Nils Boland var sentral i prosjektet

• Skipet er ein mini-kopi av Osebergskipet som vart funnen på ein gard i Vestfold i 1903

• Medan det 21,8 meter lange Osebergskipet vart bygd på Karmøy på 800-talet, vart den åtte meter lange kopien «Kong Magnus» bygget på Kyrping i Etne i 1992

• Det originale Osberg-skipet står utstilt i Vikingskipshuset på Bygdøy i Oslo.  For få år sidan blei det laga ein replika, «Saga Oseberg», i original storleik. Den har si hamn i Tønsberg.

LES FAKTALUKK FAKTA

Saka var først publisert i Grannar.

Vikingskip-kopien «Kong Magnus» har hatt oppdrag i både inn- og utlandet etter at det vart bygd som eit sysselsettingstiltak i 1992. Men no er det nokre år sida sist mini-kopien av Osebergskipet har hatt vatn under kjølen.

LES OGSÅ: Mange vil læra å bli viking på folkehøgskule

Det er Nina Kaltwasser i Åkrafjorden Oppleving AS som har fremja eit ønskje overfor Etne kommune, som forvaltar skipet, om å få hand om fartøyet. Ho ønskjer å legge det i hamn i Eljervik. Det har vore brukt i Åkrafjorden tidlegare, men no er det nokre år sidan.

Kaltwasser skal i sommar ta i mot mange grupper med cruisegjester som skal besøke Åkrafjorden og Lamgfoss, og som skal på båttur og ete lunsj i Eljervik. Ho trur «Kong Magnus» kan bli eit populært supplement i samband med dette.

– Det er eit flott fotopunkt, med bilde av vikingskip, foss og fjord, argumenterer ho for.

LES OGSÅ: Vikingar er superpop

Står på lager
Skipet står i dag på kommunalt lager i Enge-leiren i Etne.

Kulturleiar Nils Halleland i Etne kommune har sans for initiativet frå Åkrafjorden Oppleving, og fortel at han har bestemt seg for å seie ja til ønskjet.

Han seier til Grannar at han synest det er flott at det er interesse for skipet, og at kommunen har som intensjon å kunne bruke det for å fremje reiselivet i kommunen.

Samtidig må ha han ta atterhald om at skipet er flytedyktig.

– I utgangspunktet er skipet i topp stand etter at det vart renovert for nokon år sidan. Men me veit at det er ein sprekk i eit bord som skal sjekkast ut, og me har tinga ein trebåtkyndig som skal vurdere det.

I tillegg er det eit faktum at det manglar noko treverk, og i den samanheng kjem Halleland med ei oppmoding til Grannar sine lesarar.

– Me ønskjer å kome i kontakt med nokon som kan kunsten å spleise tauverk. Det er ikkje mange sjøulkar igjen som kan dette handverket, så om nokon veit om nokon, er det fint om dei tar kontakt, seier kommunen sin kulturleiar.

LES OGSÅ: Fann gull og perler i vikinggrav

Brukt i tv-dokumentar
«Kong Magnus» har mellom anna vore brukt til innspeling i ein tysk dokumentarfilm som handla om ein munk som kjem til Noreg for å kristne landet i året 965. Innspelinga fann stad i september i 2006. I filmen, som mellom anna vart vist på dansk, svensk, finsk og tysk fjernsyn, spelte dåverande ordførar Amund Enge skipper, medan mellom andre kulturleiar Nils Halleland var med som træl.

– Det hugsar eg godt. For at regissøren skulle få bilda han ønskje, rodde me heilt frå Eljervik til Rafdal med seglet oppe i motvind. Det var ein dryg tur, men me såg fram til returen fordi me hadde ein motor om bord. Men den stansa etter eitt minutt, så me måtte ro heimover òg. Det tok fleire timer og me måtte omtrent på rehabilitering alle mann etterpå, ler Halleland.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE