UDI: – Asylmottak er aldri ein god idé

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nokre asylmottak er så fæle at ingen andre grupper i Noreg ville fått tilbod om det same.

Sivilarkitekt og professor ved NTNU, Eli Støa, har sett på forholda ved norske asylmottak gjennom forskingsprosjektet «What buildings do – Impact of housing quality in Norwegian reception centers».

LES OGSÅ: Manglar statistikk over dødsårsaker ved asylmottak

Desentralisert suksess
Førre torsdag arrangerte Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO) debatt om tilhøva ved norske asylmottak og korleis ein kan løyse det når me ikkje har husvære nok til dei som kjem.

Ifølgje Støa er om lag ein tredel av asylmottaka i dag heilt eller delvis desentraliserte.

Desentraliserte mottak betyr at asylsøkjarane bur i mindre hus spreidd rundt om i eit område, framfor å bu på enkeltrom i eitt stort mottak.

– Dei fleste av våre informantar var nøgde med dei desentraliserte mottaka. Faren med dagens situasjon er at me fokuserer for mykje på sentralisering, meiner sivilarkitekten.

Ifølgje Knut Berntsen, fagsjef i region og mottaksavdelinga i UDI, har norske mottak i dag i snitt kring 150 asylsøkjarar og er ubemanna på kveldstid og i helgane. Tanken er å bruka avgrensa ressursar og gje asylsøkjarane trening i å bu og klara seg sjølve i Noreg.

Sjølv om halvparten av tilsette ved asylmottaka melder om låg teknisk standard, melder vesentleg fleire at standarden ved asylmottaket er god eller veldig god.

Det tolkar Støa som at me godtek lågare standard på asylmottak.

Tankegangen er at tilhøva skal vere «nøkternt, men leveleg».

LES OGSÅ: Manglar tal på dødsårsaker ved asylmottak

 
Debatten hadde eitt breitt panel med mellom anna representantar frå mottakssenterkjeden Hero, UDI, Flyktninghjelpen og Norske arkitekters landsforening.

UDI i knipe
I 2015 kom det 31.145 nye asylsøkjarar til Noreg.

Berntsen medgjev at systemet ikkje fungerte i haust, då flyktningstraumen tok til for alvor.

Sidan UDI ikkje var budd på å ta imot så mange, har norske myndigheiter sett seg nøydde til å ta i bruk hotell, campingplassar, kontorlokale, brakker og andre mellombelse lokale for å husa alle.

UDI reknar med at talet på asylsøkjarar vil auke att utover våren. Dei ventar 30.000 nye asylsøkjarar i år, men bur seg for det doble.

– Me må finne alternativ og dei kjem ikkje til å vere ideelle. Men me kan ikkje ha ein situasjon der me har 15.000 personar på hotell og campingplassar, slår Berntsen fast.

Men flyktningstraumen til Noreg er småtteri med tilstandane lenger sør i Europa og ikkje minst i Syria sitt naboland, Libanon.

– Me jobbar med så store mengder flyktningar i nærområdet, at me er litt forundra over at det ikkje er mogleg å handsama 30.000 i året, seier seniorrådgjevar i Flyktninghjelpen Pål Nesse.

LES OGSÅ: Starta sirkusskule på asylmottak

Ueinige arkitektar
Ved byrjinga av denne veka var det i alt 28.726 personar som budde på norske asylmottak. 

UDI har ansvar for å ta i mot, oppbevara, behandla sønaden og eventuelt returnera asylsøkjarar. 

Berntsen fortel at UDI planlegg eit retursenter, noko som ikkje har vore prøvd ut i Noreg før.

Han meiner dette skil seg frå den kritiserte ordninga med ventemottak.

I ein stadig meir pressa situasjon har det vorte diskutert om ein skal senka byggjekrava for asylmottak, fordi behovet for husrom er så stort og akutt.

Det tykkjer ikkje fagsjef i Norske arkitekters landsforening (NAL), Tor Inge Hjemdal, er ein god idé.

Eigedomsutviklar Geir Skari peikar på at det er vanskeleg for private å investera store summar i asylmottak på grunn av korte kontraktar frå UDI og at ein ikkje får forsikra asylmottaka.

LES OGSÅ: Budde 25 år på asylmottak

Viktig ventetid
Dei som eventuelt får opphald skal kommunane busetja, ein prosess som ofte tek tid. 

I januar var budde det 3669 personar på norske asylmottak, som allereie hadde fått løyve om opphald.

Nesse i Flyktninghjelpen meiner på si side at ventetida på asylmottak er vesentleg viktigare enn standarden på bygga.

Denne haldninga deler han med Støa.

Forskaren fryktar at behandlingstida for asylsøkjarar, som til no har vore i snitt 18 månadar, vil auka drastisk med flyktningstraumen.

– At barnefamiliar bur på asylmottak i to-tre år er ikkje ei god løysing, verken for flyktningane eller samfunnet.

Berntsen er einig og meiner me må tenkja oss om før me nyttar store summar på asylmottak, som ideelt sett skal vere ein stad ein ikkje oppheld seg over lengre tid.

– Asylmottak er aldri ein god idé. Rask behandling og busetting er den einaste løysinga på problemet, understrekar Berntsen.