Lev med det!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette? Trine Skei Grande har uttrykt at ho er glad for at Ryanair ikkje vil flyge frå Rygge meir på grunn av flyseteavgifta.

Eller dette? Trine Skei Grande har fått masse kjeft for at ho har uttrykt at ho er glad for at Ryanair ikkje vil flyge frå Rygge meir på grunn av flyseteavgifta.

Svaret er opplagt. Det er aldri overraskande at politikarar får kjeft. Og det er ikkje noko hyggelig å få kjeft. Berre prøv sjølv. Derfor er også politikarar ganske gode til å unngå å få kjeft. Og det er sjølvsagt det som er overraskande her: At Trine Skei Grande ikkje er spesielt god til å unngå å få kjeft.

Det som har slått meg i denne saka, er kor sjeldan vi faktisk høyrer politikarar seie slikt som Trine Skei Grande seier her. Kor sjeldan vi ser politikarar slå knytneven i lufta og seie «Yes! Politikken vår funkar! Ryanair er eit bølleselskap. Vi vil at folk skal flyge mindre. No har vi innført ei avgift som fiksar begge deler. Fytti rakkaren, vi er gode.»

No er det kanskje ikkje akkurat slik Venstre formulerer sin eigen politikk, sjølv om det hadde vore forfriskande. Men poenget er at vi kvepp når nokon seier slikt, fordi det vanlige er at politikarar unnskylder sin eigen politikk. Fordi politikk som funkar også ofte får konsekvensar som ikkje er positive for nokon. Og då er det betre å unnskylde seg, og håpe på at ein slepp unna kjeften.

Berre følg med i debattar, og tenk på kor mykje tid, krefter og ord politikarar bruker på å forsikre folk om at sjølv om dei fører ein politikk som har som mål å forandre på noko, så kjem ingenting til å forandre seg.

Når Bergen innfører rushtidsavgift og Oslo forbyr dieselbilar enkelte dagar, og bilistar klagar over at det blir dyrare og vanskeligare å vere bilist i byane, så ser du ikkje politikarar juble og svare: «Yess! Det er nettopp det som er poenget. Lev med det, losers!» I staden forsikrar dei om at folk ikkje kjem til å merke noko, det er uansett veldig få dagar det er snakk om, og det er berre ganske kort tid per dag, og det er ikkje så mange kroner, og ikkje på alle vegar, og det blir gitt unntak for nesten alt: Nyttetransport, varetransport, kollektivtrafikk, taxi, you name it.

Det hadde vore forfriskande om politikarar oftare sa:

«Det kan komme til å bli eit helvete å køyre bil i byane. Lev med det. Det er sånn vi vil ha det.»

«Vi fører ein politikk for at færre skal flyge. Det fører til at færre flyg. Det får konsekvensar. For eksempel at nokon som jobbar med flyging mister jobben. Sånn er livet.»

«Vi skal konkurranseutsette togtrafikken. Det betyr at livet vil forandre seg for nokon vanedyr som tek toget kvar dag. Og kanskje mister nokon i NSB jobben. Tough luck.»

«Vi fører ein asylpolitikk som gjer at Norge får eit internasjonalt rykte som eit strengt og småkaldt land. Ja, det var liksom det som var meininga.»

Det som hadde vore ekstra fint med fleire slike utsegner frå politikarar, er at folk då kanskje etter kvart ville slutte å kjefte. Fordi vi ven oss til at politikarane faktisk skryt av det dei meiner, i staden for å unnskylde det. Og kanskje vil vi då, i staden for å kjefte, argumentere fornuftig (og skrytete) for det vi sjølve meiner. Og så blir verden ein betre plass.

For det er det som er poenget med alle desse diskusjonane og all denne politikken og all denne kjeftinga. At verden sakte men sikkert skal bli ein betre plass. Og om nokon då blir sure undervegs, så er det berre ein ting å seie:

Lev med det.
 

Først publisert i Aftenposten 6. februar.

Vil du ha meir Kalvø? Les fleire Are Kalvø-tekstar her!