Kværner Stord har redusert fråværet blant lærlingane til under to prosent. I nedgangstider er det endå viktigare å vise seg frå si beste side.

mm

Låg oljepris fører til utfordrande tider for oljebransjen. For få veker sidan permitterte Kværner Stord 76 personar. Resten er i jobb.

150 av operatørane er på Stord, resten er anten på jobb i Nordsjøen eller på Aukra.

Frå mars byrjar arbeidet med Johan Sverdrup og då blir det meir aktivitet på Stord.

– Me trur framleis på at dette skal vera framtida vår. Noreg skal drifta plattformar i 30-40 år. Landanlegget på Aukra leverer 20 prosent av all gass til Storbritannia, seier Øyvind Epland. Han er ressursansvarleg for over tusen tilsette ved Kværner Stord.

– Dette er Lego i full storleik. Er du god i Lego, så kan du vera god på dette, sa han til 10.klassingane frå Tysnes skule som var på besøk førre veke.

LES OGSÅ: SU krev garanti om lærlingplass

Imponert over dimensjonane
– Eg hadde ikkje trudd det var så store dimensjonar, seier 10.klassingen Sebastian Rosvold utanfor porten til Kværner Stord.

– Tenk å få leika med Lego heile dagen, spøker Kristian Enes og Sigurd Sandvik Pedersen.

Begge påstår at dei har slutta å leika med Lego i dag, men er imponerte over storleiken på kranane og hallane på verftet.

Kristian vil ta master i ingeniørfag i Trondheim eller Bergen. Han tenkjer å bli byggingeniør.  Sigurd vil bli maskiningeniør. Begge synest det var interessant å vera på besøk hos Kværner Stord.

– Vil de tilbake til Tysnes etter utdanninga, trur de?

– Eg får sjå kvar det vil vera behov for utdanninga eg tar. Kanskje flyttar eg tilbake, seier Sigurd Sandvik Pedersen.

– Når eg er lei av byen, så flyttar eg kanskje tilbake, seier Kristian.

LES OGSÅ: No vil over halvparten gå yrkesfag

Øyvind Epland
Øyvind Epland styrer over tusen tilsette ved Kværner Stord.

Etterlyser fleirfaglege arbeidarar
Kværner Stord er opptatt av å rekruttera fleire gode arbeidarar. I fjor tok dei inn 15 lærlingar, og for ikkje så lenge sidan leverte dei ut 70 fagbrev.

Det gjer bedrifta til ein av dei største lærebedriftene i landet. Epland reknar med å ha klar 15-20 læreplassar når elevane er ferdige med dei to neste åra på vidaregåande.

Dei fleste lærlingane får jobb etter læretida. Det kjem an på kor flinke dei er og fråveret.

– Me er litt kyniske på det, seier Magne Klementsen, leiar for mellom anna stillas og kranar ved Kværner Stord.

– Me er nøydde til å ha operatørar i særklasse, understrekar Epland.

– Lågt fråvær er ekstremt viktig. Og folkeskikk er òg viktig, seier Epland, som elles ser etter sunne fritidsinteresser.

For tida har dei gåande eit prosjekt som har redusert fråveret til lærlingane til under to prosent.

Øyvind Epland rår ungdomane til å bli gode i fleire fag, og viser til at dei no må leiga inn ti mann frå Polen fordi dei manglar noko kompetanse sjølv.

– Kan du vera fleirfagleg, så blir moglegheitane mykje større.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE