Ho slo Aune Sand med erotisk tekst

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert i Jærbladet.

Aune Sand klarde knapt å sitte stille då han høyrde Kristine M. Stensland lese opp sin sjølvskrivne, erotiske tekst. Stensland vart då også kåra til vinnar av det første slam-arrangement på Jæren.

LES OGSÅ: Marie (85) rører tusenvis på Facebook

Slam er ein uhøgtidleg konkrranse i tekstlesing og historieforteljing, som gjekk føre seg under Garborgdagane førre veke.

– Min første tanke er at eg kan pensjonere meg. Det er så deilig å sjå og høyre talent som dette. Det var ein modig tekst, seier Aune Sand begeistra.

Sand var ikkje det minste lei seg for ikkje å gå til topps.

– Det er første gong eg er stolt over å ikkje vinne. Eg kom hit som ein viking og reiser heim som ein konfirmant. Eg møtte mi overkvinne, seier han.

Konkurransen gjekk over to omgangar, der deltakarane kvar gong fekk fem minuttar til framføring. Publikum fekk eitt minutt på seg til å gje poeng, før neste deltakar gjekk på scena. Då alle poenga var telt opp, stod journalisten Kristine M. Stensland, som til dagleg jobbar i Gjesdalbuen, att som vinnar.

– Heilt, heilt utruleg. Dette hadde eg aldri i verda trudd, seier vinnaren. 

– Høyrde du kommentarane som hagla frå Aune Sand medan du leste teksten din?

– Ja, eg gjorde det, sånn i bakgrunnen, ler Stensland.

LES OGSÅ: Gryttens «smykkelov»-dikt til utlandet