Vist 137 millionar gonger.

NPK
NPK

Kampanjevideoen organisasjonen Care har fått laga for å setje søkjelys på vald mot kvinner, er vist 137 millionar gonger verda over sidan han blei lagt ut 25. november.

Den fem minutt lange videokampanjen #kjærepappa er vist på Facebook, YouTube og andre digitale videokanalar og er omsett til fleire språk, fortel Dagens Næringsliv.

– Det er ei klyp-deg-i-armen-kjensle. Vi visste at denne filmen var sterk og rørande. Men vi hadde ikkje tenkt at han skulle bli sett av så mange som dette – og det langt utover Noregs grenser, seier generalsekretær i Gry Larsen i Care Norge til DN.

LES OGSÅ: Eit farleg land å vera kvinne i

– Vald mot kvinner er eitt av dei største internasjonale problema vi står overfor. At denne filmen har høge visningstal og stor spreiing er bra. Men det viktigaste for oss har vore den debatten og engasjementet som han har skapt i ettertid, seier ho.

Det norske reklamebyrået Schjærven og Tangrystan Production har laga filmen. (©NPK)

LES OGSÅ: Éi av ti kvinner har blitt valdtatt

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07
ANNONSE