Oregano skal redusere metanutslepp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krydder skal redusere utslepp

Det er forskarar ved universitetet i Aarhus, i samarbeid med blant andre Organic Danmark, som har byrja undersøkje om tilskot av økologisk oregano i fôret kan minske produksjonen av metan i vomma på storfe. Det skriv maskinbladet.dk.

LES OGSÅ: Har du høyrt om nattmjølk?

Det er kjent frå før at metanproduksjonen kan reduserast gjennom tilsetjing av feitt eller nitrat i fôret, i tillegg til å auke innhaldet av stivelse og dermed betre fôrkvaliteten. Men for økologiske bønder har ikkje metodane vore ideelle og oregano kan kanskje vere løysinga.

– Oregano er kjent for høgt innhald av eteriske oljer og antimikrobiell effekt, og planten er derfor eit naturleg verkemiddel for å minske metanproduksjonen i vomma, seier Kai Grevsen, prosjektleiar og seniorforskar, til maskinbladet.dk. 

LES OGSÅ: Snart kan du kjøpa kunstig mjølk