Dei neste store epidemiane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I kjølvatnet av ebolautbrotet i Vest-Afrika har dei fremste forskarar og folkehelseekspertar i verda i regi av WHO gått saman om å lage ein plan for å bli betre førebudde på smittsame sjukdomsutbrot, fortel Folkehelseinstituttet på nettsida si.

LES OGSÅ: Utfordrar deg til å gå hundre dagar utan sukker

Som eit ledd i dette arbeidet vart det laga ei liste over 11 viktige og tidlegare nedprioriterte infeksjonssjukdommar. Desse kan ramme verda i endå større grad i framtida, og det finst ingen effektive førebyggjande vaksinar eller medisinar for behandling av sjuke personar.

Alle desse sjukdommane kan forårsake utbrot, har høg døying eller kan føre til mange dødsfall.

– Vi har ikkje vaksinar mot desse sjukdommane, og det er ein alvorleg mangel, seier smitteverndirektør ved Folkehelseinstituttet, John-Arne Røttingen.

Dette er lista over dei elleve sjukdommane som WHO meiner snarast mogleg må få prioritet på forskingsfronten:

► chikungunya

► ebola

► krim-kongo-feber

► lassafeber

► marburgvirus

► mers

► nipahvirus

► rift-valley-feber

► sars

► sfts (alvorleg feber med trombocytopeni-syndrom)

► zikavirus

Fleire infeksjonssjukdommar kan også skape utbrot, som hiv/aids, tuberkulose, malaria, fugleinfluensa og dengue-feber, men desse er ikkje tatt med i lista fordi det allereie finst medisinar, eller fordi det vert gjort mykje for å utvikle medisinar mot desse.

LES OGSÅ: Dei har sjukeheimen som klasserom