Selde hyttepalass til Formel 1-legende

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka stod først på trykk i Vikebladet Vestposten.

 – Dette er draumejobben min.Eg gler meg til å gå på jobb kvar einaste dag, seier Kristine Longva.

Larsnesingen gjekk på Ulstein vidaregåande skule før ho søkte seg inn på bachelorstudiet i eigedomsmekling ved BI i Oslo. No har ho i tillegg til utdanninga jobba i to år som eigedomsmeklarfullmektig, og har sidan juni i fjor kunne nytta eigedomsmeklartittelen.

LES OGSÅ: Ærligheit varer lengst i jobb og kjærleik

– Dette var noko eg visste tidleg at eg ville bli. Heilt sidan eg var lita jente, då Finn.no og bustadannonsar på nett først dukka opp, har eg vore veldig interessert i bustadmarknaden. Å få jobbe med det eg gjer no er draumejobben min, seier Longva.

Mest på Trysil
For etter utdanninga fekk ho jobb hos Privatmegleren Ullevål i Oslo, og fekk jobbe saman med Petter Birkrem. Han er ein røynd meklar, som i årevis har hatt Trysil som hovudansvar. Birkrem har Kristine no fått lære av og jobbe saman med i to og eit halvt år.

– Han kjem opphavleg frå Elverum, som ikkje er så langt ifrå Trysil. På Trysil er det mykje fritidsbustadar, og mykje som blir omsett, fortel Longva.

Om lag nitti prosent av dei bustadane Kristine og Petter sel er fritidsbustadar i Trysil, og ti prosent er leilegheiter og hus i hovudstaden.

– Vi har blitt eit «dreamteam», og i tospann med han får eg lære mykje og oppleve mykje, seier ho.

100 fritidsbustadar i 2015
Fjoråret blei eit veldig godt år for Privatmegleren Ullevål og Kristine Longva. I løpet av året selde Longva og kollegaen Petter Birkrem over 100 fritidsbustadar. I forfjor selde duoen om lag like mange.

– Dette har vore bustadar i alle prisklassar. Alt ifrå ein million kroner, til langt over tjue millionar kroner. Det er ikkje prisen på objekta som er artigast når ein driv med eigedomsmekling, det er alle folka ein får møte, og stadane ein får sjå. Dyrt eller rimeleg, alt er like gøy, seier Longva.


Hytta til Schumaker vart selt til 22 millionar kroner. Foto: Eiendomsmegleren Ullevål.

Ho fortel at Trysil er ganske unikt som kjøparmarknad, då det er mykje svenskar og danskar som utnyttar ei svak norsk krone. Hytter og andre fritidsbustadar i Norge er 10 til 15 prosent rimelegare for utlendingane no, enn for kort tid sidan.

– Så lenge krona er svak, så vil dette halde fram, seier Kristine.

Selde Schumacher-hytta
Eitt av dei mest omtala bustadsala i 2015 var hyttepalasset til Formel 1-legenda Michael Schumacher. Det salet var det Kristine Longva i samarbeid med makkeren Petter Birkrem som stod for.

– Det var eit veldig spesielt oppdrag. Endå meir spesielt var at vi lukkast å selje hytta berre på to månadar. Slike dyre eigedommar blir ofte lenge i marknaden, men denne gjekk det svært raskt med. I tillegg fekk seljaren om lag det som var føreslått pris.

Eller rundt 22 millionar kroner.

Dette salet, og det gode salet i Trysil generelt, gjorde at finans- og avismann Trygve Hegnar inviterte Longva i studio på HegnarTV.

Longva konsentrerer seg som sagt mest om Trysil, men ho følgjer litt med på marknaden heime på Sunnmøre også.

– Det eg veit er at marknaden går tråare der oppe no. Vi får håpe det blir ei betring også i den marknaden, seier Longva til slutt.

LES OGSÅ: Venninner el for millionar med «showroom» og sosiale medier