Kajakk og riding under lupa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskingsrådet har gjennom Bionær-programmet sett av 35 millionar kroner til eit stort forskingsprosjekt som skal gi ny kunnskap om det naturbaserte reiselivet i den norske bioøkonomien.

Det fireårige prosjektet skal gi grunnlag for vidare vekst og utvikling av den naturbaserte turismen, som i dag held liv i rundt 3.000 reiselivsbedrifter i Noreg.

– Dette blir kjempespennande. Det blir stor aktivitet dei neste åra. Totalt planlegg vi over tjue publikasjonar, ein internasjonal konferanse og ei bok basert på resultata, seier professor Peter Fredmann ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) til Nationen. Han skal leie det nystarta prosjektet.

LES OGSÅ: – Aktive ferier er i vinden

Mange samarbeidspartnarar
Saman med NMBU er Norsk senter for bygdeforsking, Transportøkonomisk institutt, Norsk institutt for naturforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane med som partnarar i prosjektet. Internasjonalt skal dessutan Turismforskningsinstitutet Etour i Sverige, Naturresursinstitutet i Finland , University of Applied Sciences i Sveits og Oregon State University i USA levere forskingsbidrag.

NHO Reiseliv, Hanen, Norges Bondelag, Den Norske Turistforening og Innovasjon Noreg er òg involverte i prosjektet.

Fiske og vandring
Den naturbaserte turismen er i vekst både i Noreg og resten av verda. Her til lands er fiske og ulike former for vandring dei klart mest utbreidde produkta. Deretter kjem sykling, jakt, ferskvassaktivitetar som kano, kajakk og robåt, og båtsightseeing.

Av dei smalare tilboda er dei som krev overnatting, slik som naturfoto, fuglekikking og rideturar med hest, og ulike typar aktivitetar på saltvatn.

LES OGSÅ: Norske fjordbygder banar veg