Dansing eller juling?

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det har naturligvis blitt bråk og diskusjon fordi ein rektor har avlyst skuleballet. Han avlyser mellom anna fordi presset har blitt for stort på elevane. Ein skal sjå perfekt ut, ha dei finaste og dyraste kjolane, og gjerne komme til skuleballet i limousin eller helikopter.

Elevane blei sinte, sjølvsagt. Dagens ungdom blir som regel det, når dei synest noko er urettferdig, og det synest dei stort sett heile tida. Men kanskje er det på tide no at nokon sett ned foten og seier frå om at det går an å ha det fint saman utan utsjånadpress og gigabudsjett.

I min ungdom, for eksempel, då var det ikkje mykje press og dyre kjolar og limousinar på skuleballet. Litt fordi vi ikkje hadde råd. Litt fordi vi ikkje var så opptatte av det ytre. Litt fordi det ikkje var nokon i bygda som dreiv med limousinutleige. Men mest fordi vi ikkje hadde skuleball.

Skuleball? Det skulle tatt seg ut. Skulle liksom vi elevane ha dolla oss opp i jålete antrekk og gått på dans? Kanskje til og med pussa skoa? Nei. Vi dreiv ikkje med slikt. Vi hadde ikkje behov for det. Det var ingen som pynta seg då eg vaks opp. Alle gjekk i det same heile tida. Sjølv hadde eg ei bukse og ei t-skjorte som eg brukte frå eg var sju til eg var atten, då eg hadde lagt meg opp nok pengar til å kjøpe meg ei ny t-skjorte, som eg framleis går i. Det fanst ikkje noko press av noko slag den gongen. Og viss nokon prøvde seg med å pynte seg eller jåle seg eller på anna vis utsette medelevane for press, då banka vi dei opp.

Og dansing var det naturligvis ikkje snakk om. Dansing fører også til eit press om å vere best mulig til å danse. Dette unngjekk vi, rett og slett ved at vi aldri dansa. Vanskeligare er det faktisk ikkje. Rettnok fanst det arrangement i bygda som blei kalla dans, men det var naturligvis ingen som dansa der. Poenget med dans var at der kunne trettenåringar drikke seg dritings saman med venner av foreldra sine i trygge omgivnader. Viss nokon dansa på dans, så blei dei banka opp.

Vi passa nemlig på kvarandre, den gongen. I staden for å utsette kvarandre for press.

Og skulen vår oppfordra naturligvis ikkje til fest. Ærlig talt. Vi ville ikkje blitt sjokkerte, som dagens ungdom blir, om rektor avlyste skuleballet. Vi ville blitt sjokkerte om rektor innførte skuleball. Eller i det heile tatt brukte ord som «ball». For oss var ball ein rund ting, eller noko du åt til middag dei få gongene i livet du ikkje åt vassgraut.

Viss ikkje dansing var forbode på skulen vår, så var det berre fordi ingen hadde komme på å forby det. Viss rektoren vår hadde foreslått at vi skulle danse, ville vi sannsynligvis banka han opp. Og då ville vi banka han opp saman, som ei gruppe, for vi stod saman om ting den gongen, ikkje slik som no, når alt handlar om å vere betre enn andre. Det var ikkje noko press den gongen om å vere den beste til å slåst. Folk brukte ikkje hundretusenvis av kroner på fancy treningsstudio og personlig trenar slik at dei kunne vise seg fram og vere flinkast til å banke opp rektor. Nei. Alle slo og sparka med dei nevane og beina dei hadde. Alle skal med. Slik var det den gongen. Ingen var betre enn andre. Og viss nokon av elevane på ungdomsskulen var for fulle til å banke opp rektor, og det var det mange som var den gongen, så gjorde ikkje det noko heller. Vi mobba dei ikkje for det.

Samhald. Fellesskap. Kjærleik.

Og så snakka vi ikkje med kvarandre. Slik slapp vi press om å formulere oss fjongt og kunne flest fine ord.

Det er faktisk heilt greitt om dagens ungdom lærer dette. Det er nemlig ikkje så mykje som skal til for å leve saman utan prestasjonspress og mas.

Det er berre å halde kjeft og banke opp folk.


Først publisert i Aftenposten 23. januar.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!