Mange vil undervise asylbarna

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På berre to veker har rundt 1.500 menneske meldt seg til dugnad for å gi dei mange nye asylbarna opplæring. Men framleis er det stort behov for fleire lærarar.

Utdanningsdirektoratet oppretta for to veker sidan ein lærarpool , der dei oppfordra alle med lærarutdanning og ekstra kapasitet til å melde seg for å bidra til at asylbarn får gå på skule. No har rundt 1.500 tatt oppfordringa.

LES OGSÅ: «Ettertida vil dømme oss hardt»

Direktør i Utdanningsdirektoratet Petter Skarheim er svært nøgd med at så mange allereie har meldt seg. Det var særleg stor pågang i starten, men talet som melder seg inn, har no roa seg noko ned, opplyser han.

– Vi ønskjer gjerne at endå fleire melder seg, understrekar han.

Stort behov
Den store straumen av flyktningar og asylsøkjarar til Noreg i haust har gitt norsk skule eit akutt behov for fleire lærarar. Ei kartlegging Utdanningsdirektoratet gjorde i desember, viste at eitt av tre asylbarn i skulepliktig alder ikkje får opplæringa dei har krav på.

Rundt 30.000 flyktningar har komme til Noreg det siste halve året. 7.400 av dei er barn i skulealder.

Då lærarpoolen vart lansert, vart blant anna pensjonerte lærarar og andre med lærarutdanning utanfor skulen oppfordra til å melde seg til mellombelse undervisingsoppdrag.

– Over 50 prosent av dei som har meldt seg, er utdanna lærarar. Det er også mange andre som har meldt seg som har relevant utdanningsbakgrunn, og drygt 1.300 har undervisingserfaring. Det betyr at vi har svært mange kvalifiserte lærarkrefter i poolen, seier Skarheim.

Nettløysing
Lærarkreftene som har meldt seg, er spreidde over heile landet. Kommunane og fylkeskommunane fekk denne veka tilgang til lærarpoolen, slik at dei kan få oversikt over kven som kan bidra i sitt distrikt.

Poolen er meint å fungere som ei slags formidlingsteneste for kommunar som treng lærarar.

I tillegg til lærarpoolen jobbar direktoratet med å utvikle nettbaserte løysingar som gjer det enklare å tilby opplæring på mottaka. Dette blir særleg viktig for å bøte på den store mangelen på tospråkleg lærarar rundt omkring i landet.

LES OGSÅ: Slaktar norsk pengebruk på utdanning