Solsystemet kan ha ein ukjent planet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein tidlegare ukjent kjempeplanet kan ha blitt oppdaga i den fjerne utkanten av solsystemet. Den moglege oppdaginga som er kunngjort av amerikanske forskarar, har fått klengenamnet «Planet ni».

LES OGSÅ: Fann planetar lik jorda

Objektet har ein masse som er rundt ti gonger så stor som jorda, og følgjer ei «merkeleg, svært avlang bane i utkanten av solsystemet», ifølgje forskarar ved California Institute of Technology (Caltech).

Forskarane meiner planeten vil bruke mellom 10.000 og 20.000 år på eit omløp rundt sola. Oppdaginga vart lagt fram i forskingstidsskriftet Astronomical Journal onsdag.

Forskarane Konstantin Batygin og Mike Brown seier dei fann planeten ved bruk av matematiske modellar og datasimulasjonar, og han er enno ikkje blitt direkte observert.

Pluto vart lenge rekna som den niande planeten i solsystemet, men vart for nokre år tilbake «degradert» til dvergplanet etter at det vart oppdaga andre himmellekamar på same størrelse i fjerne baner rundt sola.

«Planet ni» har 5.000 gonger så stor masse som Pluto.

– Dette vil vere ein verkeleg niande planet, seier Brown, som er professor i astronomi. (©NPK)

LES OGSÅ: Milliardar av planetar like store som jorda