Ingen klima-Trump

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I desember 2015 jubla verda for ein ambisiøs klimaavtale i Paris, som vart underteikna av alle verdas land.

Avtalen slår fast at landa saman skal jobba for å halda den globale oppvarminga godt under 2 grader – aller helst til 1,5 grader.

Kvart femte år skal landa rapportera om, oppdatera og aller helst skjerpa sine utsleppsmål.

– Det store arbeidet byrjar no, når ein skal omsetta klimamål til politikk, kommenterer CICERO-forskar Guri Bang, som tykkjer det er ein god avtale å byggja vidare på.

LES OGSÅ: Are Kalvø vil ha fleire rare hårsveisar i norsk politikk

Provoserande Trump
Året før klimaforhandlingane starta gjekk Kina og USA ut med ei historisk felleserklæring. Medan utsleppsverstingen Kina vil kutta utsleppa sine frå år 2030, lova den amerikanske presidenten Barack Obama at USA vil kutta utsleppa sine med meir enn ein firedel innan 2025.

I kampen om å verte republikanarane sin presidentkandidat har Donald Trump skapt store overskrifter ved å langa ut mot alt frå innvandrarar til president Obama sin klimapolitikk.

Han har mellom anna kalla global oppvarming ein bløff, som er skapt for å svekkja USA sin økonomi i konkurranse med Kina.

– Han fører generelt ein provokativ kampanje der han kjem med utfall mot mykje som er etablert politikk i USA. Hans synspunkt på klimaproblema skil seg veldig frå norske og europeiske politikarar, men skil seg ikkje så mykje frå dei andre republikanske kandidatane, forklarar Bang.

Ho er forskingsleiar ved CICERO (Senter for klimaforsking), med amerikansk politikk som spesialfelt.

LES OGSÅ: Historisk klimaavtale – men kva betyr den

Trump nektar
I september gjorde Trump greie for sitt syn på global oppvarming på amerikansk radio.

Medan Obama har uttala at klimaendringane er  vår tids største utfordring, meiner Trump at det kjem langt ned på lista.

– Eg trur ikkje på global oppvarming. Eg trur ikkje på menneskeskapt global oppvarming. Det kan hende det blir varmare og det vil kjøla seg ned på eit tidspunkt. På 1920-talet snakka folk om global nedkjøling, no er det global oppvarming, seier Trump til radiovert Hugh Hewitt.

Høyr heile intervjuet her:

Ekstreme nominasjonsrundar
Bang fortel at dei amerikanske nominasjonsrundane, der berre registrerte demokratar eller republikanarar kan stemma på kven som skal bli partiets presidentkandidat, gjerne favoriserer kandidatane som er lengst til høgre og venstre.

I dag leiar konservative Donald Trump og den liberale demokraten Hillary Clinton på kvar sin kant i partia sin nominasjonsstrid.

Når det kjem til sjølve presidentvalet er det derimot ofte ein sentrumsorientert kandidat som kan overtyda dei uavhengige veljarane utan sterk partitilhøyrigheit som stikk av med valsigeren, i det som ofte plar å vere eit tett løp, seier Bang.

Forskaren er overraska over at Trump framleis er eit heitt namn i valkampen, men trur at den kontroversielle politikaren vert for ueteleg for veljarmassen i midten.

– Han kan få problem med å trekkja til seg nok av veljarane i midten fordi ein del av meiningane hans er så provoserande og kan verka fråstøytande på moderate veljarar, trur Bang.  

Ifølgje den politiske nettstaden The Hill, har fleire profilerte republikanarane sagt dei heller vil støtta  Clinton enn Trump.

LES OGSÅ: Natur og Ungdom ber regjeringa gjera som Obama

Klimafiendtleg teselskap
– Ein kvar republikansk president vil verte krise for klimaet, uttala den amerikanske kunstaktivisten Martin Watters då Framtida.no møtte han i samband med klimaforhandlingane i Paris.

Bang forklarar at dei siste ti åra har demokratane og republikanarane vorte meir polariserte i klimaspørsmålet.

Dette har vorte ytterlegare forsterka av den høgrepolitiske Teaparty-rørsla, som oppstod i kjølvatnet av finanskrisa i 2008-2009. Krisa råka mange amerikanarar hardt og Teaparty-rørsla har brukt klimaproblema som ein del av sin retorikk mot «big government».

Det er ingen av dei ni reelle republikanske kandidatane som støtter dagens amerikanske klimapolitikk.

Den republikanske senatoren Lindsey Graham, som offentleg har uttala at han trur på majoriteten av forskarar som konkluderer med at klimaendringane er menneskeskapte, trakk sitt kandidatur før jul.

Kandidatar som Jeb Bush og Marco Rubio anerkjenner at klimaendringar er eit problem, men synest ikkje klimatiltak bør vere ein politisk prioritet med dagens økonomiske situasjon.

LES OGSÅ: Kina innfører klimakvoteprogram

Ambisiøs Obama
Forskaren meiner Obama har hatt ein relativt ambisiøs klimapolitikk samanlikna med tidlegare amerikanske presidentar.

Han har mellom anna brukt presidentmakta til å omgå kongressen for å innføra nye reglar i kraftsektoren, som skal kutta klimautsleppa i energisektoren med 32 prosent fram mot 2030.

Regelverket er ferdigstilt og fleire delstatar har sett i gang med utarbeiding av iverksettingsplanane, som skal vere klare i 2018.

Men dei nye reglane har møtt mykje motstand og i oktober i fjor gjekk 24 statar og eit kolselskap til sak mot styresmaktene.

Jo lenger dette arbeidet er kome før neste presidentval, jo vanskelegare vert det for ein eventuell republikansk president å reversera reglane.

Bang trur heller ikkje det vert lett for ein ny president å gå tilbake på samarbeidet med stormakta Kina.

Les meir i Guri Bang sin kronikk på NRK Ytring.

Republikansk snuoperasjon
– Ein republikansk president vil ha ein heilt annan politisk plattform og me må forventa endringar i den politikken Obama har lagt til rette for. USA under republikansk leiarskap vil mest sannsynleg ikkje ha den same intensjon om å vere ein leiar i det internasjonale klimasamarbeidet, slår Bang fast.  

At stormaktene og utsleppsverstingane Kina og USA var innstilt på ein avtale var ei av hovudårsakene til at verda lukkast i Paris.

Bang trur det vil sende eit negativt signal til resten av verda, dersom USA ikkje følgjer opp klimaavtalen med gode tiltak. 

–  USA er ein veldig viktig aktør og innverknaden og signaleffekten av amerikansk klimapolitikk internasjonalt er store. For å vere ein truverdig klimaaktør i det internasjonale samarbeidet må ein ha ein politikk heime som innfrir løftene. Det som er viktig no er at ein landa kjem i gang med tiltak på nasjonalt nivå, slik at alle får tillit til at avtalen vil bli følgt opp, seier Bang, som ikkje er i tvil om kor viktig det er at USA set eit godt eksempel:

– Om det skjer store endringar i den amerikanske klimapolitikken slik at USA ikkje lenger vil nå klimamåla sine, kan det ha ein negativ effekt på andre, seier ho.