Desse kan verte årets ungdomsbok

Fjorårsvinnar Sigbjørn Mostue er nominert i år igjen. Spenning er stikkordet for Uprisen 2016.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein av desse fem bøkene kjem til å vinna Uprisen – årets ungdomsbok 2016:

 #alfahann av Jan Tore Noreng, Gyldendal

 Mumiens mysterium av Tom Egeland, Aschehoug

 Evna (Ravneringene 3) av Siri Pettersen, Gyldendal

 Glimt av Tor Arve Røssland, Samlaget

 I morgen er alt mørkt – Marlens historie av Sigbjørn Mostue, Cappelen Damm

LES OGSÅ: Mannetung Upris

Fjorårsvinnar nominert på ny
Både Tom Egeland, Tor Arve Røssland og Sigbjørn Mostue er kjent for å skriva actionfylt og spanande for ungdom.

Alle tre har tidlegare vore nominert til Uprisen som årleg vert delt ut av Foreningen !les i tett samarbeid med ungdom.

Seinast i fjor vann Mostue Uprisen for I morgen er alt mørkt – Brages historie, som er forgjengaren til årets bidrag.

Med den psykologiske thrilleren #alfahann er Jan Tore Nordeng førstegongsnominert.

Det same er Siri Pettersen, som har gjort stor suksess med Ravneringene-trilogien.

Bøkene hennar er selt til både Brasil, Sverige, Finland, Danmark, Polen, Tsjekkia.

I november i fjor vart det òg kjent at forfattaren hadde skrive under på ein filmavtale med det norske produksjonsselskapet Maipo.

Ung jury
Nominasjonane er basert på nærare 1000 bokmeldingar som ungdom har skrive av fjorårets norske ungdomsbøker.

Basert på desse tilbakemeldingane har ein nominasjonsjury på fire ungdommar plukka ut ungdommens favorittar.

Juryen meiner årets bøker er meir originale enn tidlegare.

– Det er mykje bra blant de nominerte. Det har vore ein artig prosess og me var ganske samstemte i utveljinga, fortel juryen i ei pressemelding frå Foreningen !les.

Vidare skal sju juryklassar frå ulike fylke lesa dei fem nominerte og diskutera seg fram til ein vinnar, som vert kåra under Litteraturfestivalen på Lillehammer i slutten av mai.

Kritisk møte
Dagleg leiar i Foreningen !les, Wanda Voldner, meiner Uprisen tek ungdoms meiningar om litteratur på alvor. 

– Uprisen gjev oss interessant innsikt i kva slags litteratur ungdom føretrekk og kvifor dei gjer det. Samstundes ser me at det å få lov til å møte litteraturen med eit kritisk blikk, bidreg til leselyst og interesse for litteratur hjå ungdommane som deltek i prisarbeidet, seier ho i pressemeldinga.

Faktaboks

 Om Uprisen:

Vert delt ut i regi av Foreningen !les med ein jury beståande av norske ungdomsskuleklassar.

Nominasjonane er valt ut på bakgrunn av bokmeldingar skrivne av ungdom.

Foreningen !les er ein ideell organisasjon som vart skipa i 1997. Målsettinga er å fremme lesing for ungdom mellom 13 og 19 år.

Juryklassane er:
Farsund barne- og ungdomsskole (Vest-Agder)
Flora ungdomsskule (Sogn og Fjordane)
Folldal skole (Hedmark)
Kråkerøy ungdomsskole (Østfold)
Mælan skole (Sør-Trøndelag)
Sør-Fron ungdomsskole (Oppland)
Vardø skole (Finnmark)