Nye oljeløyve får Natur og Ungdom til å rase

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rasar over nye oljeløyve

Regjeringa tilbyr 56 utvinningsløyve til 36 ulike oljeselskap i konsesjonsrunden som omfattar dei mest utforska delane av norsk sokkel.

– Det er svært gledeleg at oljeselskapa viser så stor interesse for våre best kjente leiteområde, seier olje- og energiminister Tord Lien (Frp).

LES OGSÅ: Tord Lien: Inga krise i oljeindustrien

Blant dei største tildelingane
Lien seier tildelinga i førehandsdefinerte område (TFO) er mellom dei største på norsk sokkel.

– Tildelinga vil bidra til aktivitet og sysselsetting i petroleumsindustrien etter kvart som områda vert utvikla, seier Lien.

Dei 56 utvinningsløyva deler seg på Nordsjøen (27), Norskehavet (24) og Barentshavet (5). 36 ulike oljeselskap, frå store internasjonale aktørar til mindre norske leiteselskap, får tilbod om delar i ein eller fleire av dei. 22 selskap får tilbod om å verte operatørar.

TFO-areala er utvida med 35 blokker i Norskehavet og elleve blokker i Barentshavet sidan 2014. Før utlysinga for 2016 vert det foreslått å utvide med ytterlegare 24 nye leiteområde i Norskehavet og 32 i Barentshavet, noko fleire miljøorganisasjonar har kritisert, ikkje minst fordi leiteområda ligg langt mot nord.

LES OGSÅ: Sundtoft får iskanten i retur

Får miljørørsla til å rase
Medan Lien gler seg, meiner Natur og Ungdom at tildelinga ikkje heng på greip.

– Å leggje til rette for meir oljeutvinning etter Paris er som å halde fram med festen lenge etter at vertskapet har bede gjestane reise heim. Åtti prosent av all olje, kol og gass må verte liggjande, skriv leiar i Natur og Ungdom, Ingrid Skjoldvær, i ei pressemelding.

Natur og Ungdom skriv i pressemeldinga at utsleppa frå norsk oljeeksport er nær ti gongar større enn Noregs nasjonale utslepp, og at denne næringa dermed er Noregs største bidrag til dei globale klimaendringane.

– Lien må forstå at tillatingane er eit veddemål mot framtidige generasjonar, som vert sitjande med bakfylla etter oljefesten. Det er rett og slett frekt korleis Lien regelrett drit i Paris-avtalen og verdas framtid, skriv Skjoldvær.

LES OGSÅ: Ingrid Skjoldvær er ny leiar i Natur og Ungdom

– Udemokratisk ordning
TFO-ordninga er ein prosess for utdeling av oljeblokker, som går parallelt med den meir kjende 23. konsesjonsrunde. Skilnaden er at TFO-utdelingane opnar område som styresmaktene vurderer som allereie modne, og som ikkje treng å vert vedteke i Stortinget.

– TFO-ordninga er udemokratisk fordi Stortinget ikkje har noko måte å hindre utdelingane på. Med denne utdelinga sender Lien eit tydeleg signal om at når det kjem til oljepolitikk, så køyrer regjeringa over Stortinget utan skruplar, skriv Skjoldvær.