Kven er Årets nynorskbrukar?
No kan du sende inn ditt forslag!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nynorsk kultursentrum ber om framlegg til kven som bør få prisen «Årets nynorskbrukar 2016». Alle som vil, kan føreslå kandidatar til det direktør Ottar Grepstad sjølv kallar «den fremste nynorskprisen».
– Dette er ein av dei få prisane som dekkjer alle samfunnsområde, seier han i ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum
LES OGSÅ: Ein usannsynleg nynorskbrukar
Fristen for å føreslå kandidatar er onsdag 10. februar og få veker seinare vil styret i Nynorsk kultursentrum ta si avgjerd.
Den gjeve prisen er på 100 000 kroner og vert kvart år delt ut ved opninga av Dei nynorske festspela.
Fjorårets vinnar, kunsthistorikar og forfattar Jorunn Veiteberg, var blant dei 29 framlegga som kom inn i fjor. Dei andre forslaga vert tekne med i vurderinga også i år.
– Mange bør prisast for innsatsen sin over lang tid, men Nynorsk kultursentrum vil med denne prisen særleg framheve det som skjer her og no, på ulike samfunnsområde, seier Grepstad.
LES OGSÅ: Nynorsk-brørne er Årets nynorskbrukarar
Årets nynorskbrukarar 2000–2015
2000 Høgsterettsdomar Karl Arne Utgård
2001 Hotelldirektør og visepresident i NHO Gerd Kjellaug Berge
2002 Ringstabekk skole
2003 Redaktør Martin Toft
2004 Musikkgruppa Side Brok
2005 Forfattar Kjartan Fløgstad
2006 Forretningskvinne og toppidrettsutøvar Kari Traa
2007 Forlagsredaktør Guri Vesaas
2008 ÅmliAvisa v/redaktør Inger Stavelin
2009 Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal
2010 Forfattar Maria Parr
2011 Bloggar Linda Sæbø
2012 Journalistane Ingvild Bryn og Arill Riise
2013 Filosofen Gunnar Skirbekk
2014 Songlyrikarane Aasmund Nordstoga og Odd Nordstoga
2015 Kunsthistorikar og forfattar Jorunn Veiteberg
Faktaboks
Prisen «Årets nynorskbrukar» blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.
Styret i Nynorsk kultursentrum er jury for prisen, som er blitt delt ut kvart år sidan 2000.