(NPK-NTB-Gitte Johannessen):
(NPK-NTB-Gitte Johannessen):
Faktaboks

Filmvåren 2016:

Mannen fra Snåsa, regi: Margreth Olin (premiere 22. januar)

Gråtass – Gøy på landet!, regi: Peder Hamdahl Næss (premiere 5. februar)

Birkebeinerne, regi: Nils Gaup (premiere 12. februar)

El clásico, regi: Halkawt Mustafa (premiere 19 februar)

Welcome to Norway, regi: Rune Denstad Langlo (premiere 4. mars)

Det som en gang var, regi: Patrik Syversen (premiere 18. mars)

Grand hotel, regi: Arild Frölich (premiere 8. april)

Huset, regi: Reinert Kiil (premiere 15. april)

Sensommer, regi: Henrik Martin Dahlsbakken (premiere 3. juni)

Kjelde: NFI

LES FAKTALUKK FAKTA

«Welcome to Norway» er flyktningkrisa som politisk ukorrekt komedie, med Anders Baasmo Christiansen som rasistisk asylbaron – og eit knippe tidlegare flyktningar frå 20 nasjonar som statistar.

Regissør og manusforfattar Rune Denstad Langlo fortel at manusideen vart innhenta av ei røynd som vart stadig verre.

– Når det blir tragisk og jævlig nok, må ein tillate seg å le litt, seier regissøren, som vart inspirert av ein dokumentar han laga frå eit asylmottak i 2004 – «ein heilt ille stad» – og ein somalisk gut som likevel smilte.

Og den ukjente skodespelaren Olivier Mukuta hausta spontan applaus frå frammøtt presse og filmbransje på Filmens hus tysdag, då han fastslo:

– Eg var flyktning ein gong. I dag står eg her. Eg fekk ein sjanse og brukte han. Det er ein sjanse dei andre treng også.

LES OGSÅ: Vanskelegare å forsikra asylmottak

– Like store draumar
Også den norsk-irakiske regissøren Halkawt Mustafa, som 19. februar er klar med sin andre spelefilm «El Clásico», vil ha med håpet og latteren.

Filmen handlar om ein kortvaksen mann som ikkje får gifte seg med si elskade Gona, og som legg ut frå Irak over heile Europa og til Spania for å treffe Ronaldo – i håp om å vinne gunsten til Gonas fotballinteresserte far.

Om filmen, som ein håpar får spansk premiere med Ronaldo til stades, heiter det at han «handlar om det viktigaste i livet – fotball og kjærleik».

– Eg ville lage ein film med seriøst tema som komedie. Komikk og latter er det som lèt oss leve vidare. Særleg i eit land som Irak, der alt er politikk og det nesten ikkje lèt til å vere noko håp. Men alle stadar der det finst menneske, finst det håp og draumar!

Mustafa levde eit år i ei leilegheit med skodespelarane sine, brørne Wrya og Dana Ahmed, og endra manus undervegs, fortel han til NTB:

– Dei har like store draumar som deg og meg, og har håp og liv.

LES OGSÅ: Margreth Olin: – Vil løfta fram stemmer som ikkje blir høyrde

Datevennleg frå Olin
Dei ni norske filmane spenner frå barnefilm til grøssar, via eit fleirtal drama, éin reindyrka komedie og ein dokumentar som trekkjer til seg meir merksemd enn fiksjonsfilmane – nemleg Margreth Olins «Mannen frå Snåsa».

Ho er også først ut i den norske filmvåren, med premiere 22. januar.

Mens den førre dokumentaren hennar, «De andre», handla om asylbarna som kjem åleine, gjer ho no heilt om – og har laga film om godheita i mennesket.

– «God» var arbeidstittelen. Dette ordet vart politisert i år, sa Margreth Olin under presentasjonen av filmen, der ho følgjer 22 pasientar gjennom å vere «fluge på veggen» i Joralfs behandlingsrom, og la til:

– Derfor kunne ikkje denne filmen ha komme på eit betre tidspunkt.

Margreth Olin laga filmen i staden for å ta seg eit friår, og seier til NTB:

– Eg trur dei nye filmane mine heretter må ta med seg kor viktig håpet er for menneska.

Så legg ho til med eit varmt, sjølvironisk smil: – No kan ein gå på date og sjå ein film av Margreth Olin.

LES OGSÅ: Olin inspirerer SV til ny asylkamp

Ikkje hofteknekk
Filmpublikummet kan også glede seg til barnefilmen «Gråtass – Gøy på landet!», der filmselskapet bak «Karsten og Petra»-filmane tek for seg universet til den vesle grå traktoren og pussar det opp.

Inn i rolla som Gustav trer ein ung veteran, eks-Karsten-skodespelar Elias Søvold Simonsen, som no blir å sjå i alle fall i tre «Gråtass»-filmar. Den første har premiere 5. februar.

Veka etter, 12. februar, er det tid for «Vikings on skis», som er slik filmselskapet sel inn Nils Gaups «Birkebeinerne» i utlandet. Kristoffer Hivju, som spelar den eine av dei to som ber kongssonen over fjellet, røper at det ikkje nytta med Telemark-stil: Gaup ville ikkje ha noko knekk i hofta.

– Han ville ha «Mongolian style», breitt utfor, lo Hivju med like stort skjegg som vanleg.

LES OGSÅ: FN: Filmbransjen diskriminerer kvinner

Børsum i hovudrolle
18. mars er det duka for ein film om venninneforhold, lagt til eit nachspiel og timane etterpå, signert Patrik Syversen. I «Det som en gang var» har han med seg eit sterkt skodespelarlag, med Marte Germaine Christensen, Silje Storstein, Benjamin Helstad og Tobias Santelman.

Igjen har Syversen kvinner i hovudrollene, og seier:

– Det handlar om menneskelege kjensler, ikkje kjønn. Det er sunt å sjå ting med andres perspektiv.

Regissørkollega Henrik Martin Dahlsbakken, klar 3. juni med «Sensommer», gjekk endå lenger: Ikkje berre har han ei kvinne i hovudrolla, men ei på 80 år – som han skreiv rolla for.

– Det er få som veit kven eldre skodespelarar er, og i alle fall eldre kvinnelege skodespelarar, smell det frå Bente Børsum, som spelar eldre, kvinneleg forfattar som lever tilbaketrekt når eit ungt par får motorstopp utanfor huset hennar på Rivieraen.

 
For å gestalte potent forfattar i «Grand Hotel», trong Atle Antonsen ein frodig hårmanke – i form av ein Knaus-aktig parykk, meinte regissør Arild Frölich (t.h.). Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

Atle ingen Knaus
Forfattar spelar også Atle Antonsen, som blir å sjå i regissør Arild Frölichs film «Grand Hotel» 8. april. Det gjer han med lånehår og gråna skjegg, i reine Knausgård-light-stil. Om Knaus er inspirasjonen for resten av rolla også?

– Eg skulle ønske eg kunne svare ja! Men personlegdomen harmonerer nok ikkje, vi har nok hatt 3-4-5 andre forfattarar i tankane, svarar Antonsen.

«Huset», ein grøssar innspelt i Sør-Odal, er klar 15. april. Regissør Reinert Kiil seier han valde dei to temaa som han meiner gir den perfekte skrekkfilm:

– Eksorsisme og nazisme, seier Kiil, som lar to tyske soldatar under andre verdskrigen og deira norske fange ta inn i eit spøkelseshus. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE