Vil forby nysal av fossilbilar innan 2020

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Natur og Ungdom, som no er samla til landsmøte i Fredrikstad, krev at Nasjonal Transportplan 2018 – 2029 fører til betydelege utsleppskutt frå transportsektoren, og vert ein transportplan som tek reisene våre inn i den utsleppsfrie, fornybar framtida.

Transportplanen er ei stortingsmelding, som skal verte handsama i Stortinget våren 2017, og som vil leggje føringane for dei neste 12 åra med transportpolitikk i Noreg. Transportsektoren står i dag for ein tredjedel av Noregs samla klimagassutslepp, og halvparten i dei store byane.

Noreg må ta sin del av ansvaret for å redusere klimagassutslepp, og kutte 60 prosent av utsleppa våre innan 2030. Med sine store utslepp må transport vere eit område der vi gjer betydelege kutt. Nasjonal transportplan må difor innehalde eit tydeleg mål for å redusere utslepp av klimagassar, og det må inngå klimarekneskap for alle prosjekta som ligg i planen.

LES OGSÅ: Kjære pappa, eg hatar deg

Framtida går på skinner
Det er dei lange reisene våre som fører til størst andel av klimagassutsleppa våre. Mellom dei store byane i Noreg er det svært mykje flytrafikk, og Trondheim-Oslo, Bergen-Oslo og Bergen-Stavanger er til dømes nokre av dei høgst trafikkerte innanlandske flystrekningane i Europa.

Skal vi klare å få ned den innanlandske flytrafikken, må vi satse på miljøvenlege alternativ. Vi treng ordentlege utgreiingar for høghastigheitstog mellom storbyane i Sør-Noreg. Tromsbanen må også verte utgreia snarast mogleg, og alle strekningar som i dag har dieseltog må verte elektrifisert.

Klimavenleg infrastruktur må verte prioritert
Dagens politikk byggjer fem gongar så mange kilometer veg som bane. Fleire jernbaner som ein planlegg å byggje, vert bygd parallelt med veg. På denne måten nulla rein ut all potensiell klimagevinst, og svekkjer lønsemda til jernbana, ettersom den vert mindre konkurransedyktig.

Landsmøte i Fredrikstad krev at Nasjonal Transportplan 2018-2029 vert ein transportplan som prioriterer miljøvenlege transportløysingar og kuttar utsleppa. Å redusere klimagassutslepp frå transportsektoren må vere det overordna målet for planen, og veprosjektet som legg opp til utsleppsvekst kan ikkje inngå i planen.

Natur og Ungdom vil mellom anna:

► Rassikre vegar og byggje midtdelarar, framføre å utvide.

► Halde ved like dagens flyruter på kortbanenettet i distrikta, framføre å sentralisere og leggje opp til utslippsvekst.

► Styrkje godstransport på jernbane, ved å oppgradere godsterminalene og byggje lange krysningsspor og dobbeltspor. Ifølge Miljødirektoratet kan ei overføring av gods frå veg til bane på 40 prosent redusere utslepp på nær 1 million tonn CO2-ekvivalentar i 2030.

► Forby nysal av fossilbilar i 2020.

► Gjere biodrivstoff som ikkje er laga på bekostning av mat- eller fôrproduksjon, billegare og meir tilgjengeleg.

► Innføre gode lønningsordningar og betring av infrastruktur for lading og fylling, for å få folk til å droppe fossilbilen og velgje utsleppsfritt.

► Få kvar tredje bil ut av dei store byane innan 2030, ved hjelp av betre arealplanlegging som reduserer transportbehovet, fleire gang- og sykkelvegar, velutvikla kollektivnett med hyppige avgangar, og stogging av planlegging av motorvegar rundt dei store byane.

LES OGSÅ: – Tisa-avtala truar folkestyre