Kjære pappa, eg hatar deg

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg hatar deg for at du reiste. Du reiste og eg sat igjen, utan deg. Du flytta til eit anna land, gifta deg, og eg fekk ikkje ein gong vite om det før lenge etterpå. Kva med alle løfta du ga? Kva skjedde alle gongane du ikkje dukka opp når vi skulle møtast? Alle turane du lovde meg, kvar blei dei av?

Eg hatar deg for at du valde ho. Ho og hennar barn. Ikkje berre ho du gifta deg med, men ho etter ho også. Kvifor ikkje meg? Kvifor var dei viktigare enn meg? Kvifor skulle du bruke tid på dei når du lovde meg tid? Kva var det eigentleg som gjorde at du ikkje ville ha meg?

Eg hatar deg for at du skuldar på meg for at vi mista kontakten. Det var ikkje min feil. Det var ikkje eg som var din forelder. Kvifor skulle det være mitt ansvar? Eg er ditt barn, du er ikkje mitt! Men for all del, kjære pappa, du skal vite at eg prøvde å kontakte deg mange gonger. Eg kom berre ikkje gjennom til deg alle dei gongane du bytta nummer eller ikkje tok telefonen. Du ringte aldri opp igjen, heller.

Eg hatar deg for at du har tatt bort alt det gode vi ein gong hadde. Det er bytta ut med hat, og vonde minner. Eg veit vi ein gong hadde det bra, reiste på feriar og gjorde mykje ilag. Eg veit eg såg opp til den fantastiske pappaen eg hadde. Grunnen til at eg veit det er fordi eg har blitt fortalt at det var sånn. Men dei minna er bytta ut med krangling og kjefting. Eg syns det er synd at det er slik eg skal hugse deg, for alt eg ville var å ha ein pappa som elska meg.

Men du skal vite at eg også takkar deg, kjære pappa. For alt du er, alt du gjer, og ikkje minst alt du har gjort. Du har gjort meg så utruleg sterk. Du har lært meg om tillit. Du har lært meg å setje pris på dei eg har, og du har lært meg å elske. Du har lært meg å være ein god forelder til mitt barn, og du har lært meg kva ein ekte far er. For det er ikkje du, og du har ingen av dei eigenskapane eg nettopp nemnde. 

Eg trur nemleg at du ikkje har moglegheita til å verkeleg elske nokon, eller setje pris på det du har. Eg trur ikkje du eig tillit til nokon, og eg trur ikkje du er sterk nok til å stå opp for deg sjølv. Eg trur du lever i ei boble, og eg håper at den bobla kjem til å sprekke ein dag. Eg håper at verda raser over hovudet på deg, og eg håper du ein dag kjem til å innsjå at du har mista alle som ein gong var glad i deg. For eg var verkeleg glad i deg, pappa, og eg hadde trua på deg.

Eg veit no at det ikkje er min feil, og heller ikkje mitt ansvar. Det er greitt at du valde ho, og hennar familie, for eg har det betre utan deg og all den smerten du har påført hjertet, og hovudet mitt.

Så takk, kjære pappa. Takk for livet og erfaringane, frå no av klarer eg meg utan deg, og eg er ferdig med å hate deg.

Innlegget var først publisert på kulturbloggen til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Faktaboks

Martine Espe er 18 år, kjem frå Høyanger og bur i Sande. Ho har eit engasjement for vanskelege spørsmål og tabu hjå ungdom.

KULTURBLOGG
Kva er viktig for ungdom i Sogn og Fjordane og kva skal til for at desse tema vert sett på dagsorden?
I prosjektet «Mine meiningar på mitt språk», initiert av Sogn og Fjordane fylkeskommune, bloggar ti engasjerte ungdomar om sjølvvalde tema som dei syns er viktig.
Alle bloggane kan også lesast på sfj.no/kulturblogg