Ein familie, tre politiske parti

Dei er i same familie, men er alle medlemmar av ulike parti på Tysnes. Forbod mot diskusjonar rundt middagsbordet har dei derimot ikkje.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 At kjærleiken kan gå på tvers av partigrenser har me sett mange døme på. Tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland er gift med høgremannen Arne Olav Brundtland, og tidlegare kulturminister Hadja Tajik (Ap) har funne lukka med høgrepolitikaren Stefan Heggelund.

Også på Tysnes har me lokale variantar av familiar som høyrer til ulike politiske parti. I familien Epland Dalland er både Senterpartiet, Høgre og Arbeidarpartiet representert.

– Nei, me har ingen reglar mot å diskutera politikk. Kjem det, så kjem det. Kanskje er moglegheita størst over ei flaske vin, spøkjer Øystein Dalland.

– Men me opererer ikkje med replikk og innlegg.

LES OGSÅ: Kåre Martin (22) er landets yngste ordførar

Sosialdemokrat og kapitalist
Han var tidlegare kommunestyrerepresentant for Arbeidarpartiet, men sit i denne perioden som representant for Senterpartiet. Kona Jannike Epland Dalland er kommunestyrerepresentant for Høgre, medan sonen Marcus Dalland var Ap-representant i førre periode.

– Viss det er nokon som hissar seg opp, må det vera meg, seier Jannike.

– Og då er det gjerne eg som seier at no orkar eg ikkje diskutera meir, ler Øystein.

Han konstaterer at det er kona som er kapitalisten i familien.

– Ho er litt meir direkte og rett på sak. Eg er sosialdemokratisk anlagt og har kanskje ei breiare tilnærming til ymse saker, seier Øystein.

– Du har nok rett i det. Eg er ikkje så flink å sjå breidt på det, men vil nå måla som blir sett. Eg har starta og driv ei verksemd, blomebutikken her på Tysnes, og ser saker kanskje litt meir frå ein bedriftseigar si side, seier Jannike.

LES OGSÅ: Erna gratulerer den yngste ordføraren i landet

Interessert i lokalpolitikk
Etter valet har i allfall Øystein og Jannike måtte samarbeida om mykje. Begge sit no som representantar i same koalisjon i kommunestyret, saman med partifeller i tillegg til FrP- og Venstre-politikarar.

Lokalpolitikk er mest interessant, meiner dei. Mellom anna skulesaka og integreringa av flyktningar opptek familien.

– Ja, me er ganske samde i lokalpolitikken. Det har eigentleg ikkje så mykje med partipolitikk å gjera, meiner Marcus.

– Eg skulle ut av politikken, men så byrja eg å engasjera meg for korleis me kan driva skulen på Tysnes. Eg meiner me må gå for ein fellesskule på Gjerstad, i staden for skule i både Uggdal og Våge. På Tysnes blir det gjort altfor mange panikkvedtak utan å tenkja langsiktig, seier Øystein.

– Ja, folk har det travelt her. Eg meiner også me må sjå lenger fram i tid, seier Jannike.

Splitta om kommunereform
Ved førre kommunestyremøte gjekk ho på talarstolen, og sa ho ynskte flyktningane som kjem til Tysnes velkomne. Neste år skal kommunen ta imot 14 flyktningar, som er dobbelt så mange som i fjor.

– Me må ta imot nokre få og hjelpa dei så godt me kan, meiner Jannike.

– Ja, det er givande å kunna gjera ein forskjell, meiner Øystein, som privat har engasjert seg i flyktningarbeid.

Om Tysnes bør bli ein del av ein større kommune, er familien derimot litt usamde om. I denne saka er det herrane mot damene.

– Det er vanskeleg dette med geografien. Her er det vatn på alle sider, seier Marcus.

– Men spørsmålet er om me tør å la vera, og venta og sjå, seier Jannike.

– Ja, men det er viktig å halda på arbeidsplassane i kommunen, kommenterer Øystein.

– Bør engasjera seg
Ifølgje han blei familien med i politikken for å få til noko på øya. Men lokalpolitikk er ikkje det einaste som opptek dei tre, som også er engasjert på andre område i tysnessamfunnet. Alle tre har til dømes vore innom både Tysnes Ungdomslag, Tysnes Musikklag og ikkje minst Tysnesfest.

– Det er veldig kjekt å engasjera seg. Det hadde også vore kjekt å sjå nye fjes i organisasjonane, oppfordrar Jannike.

– Nokre av dei som har vore med i andre lag og organisasjonar på Tysnes, blir ofte med i politikken seinare, forklarar ho.

– Ja, eg har fleire gongar diskutert politikk med folk, og tenkt at dei burde stilla seg på ei liste. Eg har også sagt det til dei, men det er ikkje alle som vil, seier Øystein.

Open agenda
Familien Epland Dalland vonar uansett at Tysnes skal vera ein god plass å bu for alle, slik at fleire har lyst å bu på gudeøya. Det fyrste målet er å bikka 3000 innbyggjarar. For å få til det, ynskjer dei nye E39 som skal gå over Tysnes, hjarteleg velkomen. Dei meiner også at fleire verksemder må etablera seg på Tysnes.

– Målet er på ein måte det same for alle som engasjerer seg politisk, men vegen til målet er forskjellig, meiner Marcus.

– Så de har ingen hemmeleg familieagenda om å ta over styringa på øya?

– Nei. Agendaen me har er heilt open, ler Øystein.

Les saka i Tysnesbladet!