Ny utgåve av «Mein Kampf» til sals i Tyskland
For første gong sidan andre verdskrigen blir ei ny utgåve av Adolf Hitlers «Mein Kampf» selt i tyske bokhandlar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den nye utgåva er fylt med 3.500 merknader og fotnotar som skal tilbakeviste ideologien og den antisemittiske bodskapen til nazileiaren.
LES OGSÅ: Korleis er det å leve som Hitler?
– Det er nødvendig at vi permanent dekonstruerer Hitler og hans propaganda, og at vi på den måten fjernar effekten av den symbolske makta til boka, skriv det München-baserte Institut für Zeitgeschichte som gir ut den nye versjonen, på sine nettsider.
Delstaten Bayern vart gitt opphavsrett til boka i 1945. Av respekt for offera etter nazistane og for å hindre spreiing av hatoppfordringar, har styresmaktene i 70 år nekta å la boka trykkjast i nye utgåver.
Opphavsretten gjekk ut 1. januar, noko som gjer at boka igjen kan trykkjast opp.
LES OGSÅ: DNA avslører Hitler sine jødiske røter
Trass i merknadene, er nyutgjevinga kontroversiell, og mange fryktar at boka skal bidra til å spreie høgreekstrem ideologi. (©NPK)