Klårsynte vil finna kvalpen Fia

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Leiteaksjon må be folk roa seg

Då rakettane gjekk til værs ved midnatt nyttårsaftan, forsvant den vesle kvalpen Fia, av rasen Shih Tzu, frå ei hytte på Ulvøyna i Austrheim i Hordaland.

I dagane som har gått har forsvinninga utløyst ein storstilt leiteaksjon, ja faktisk for stor ifølge aksjonsleiaren.  

– Det har blitt søkt etter hunden sidan nyttårsaftan. Eg er med som hundeførar og koordinerer leitearbeidet. Arbeidet har nesten utvikla seg til eit mareritt, seier Ann Sophie Lindahl til Avisa Nordhordland, ansvarleg for leiteaksjonen.

LES OGSÅ: Hunden din blir faktisk sjalu

Går manngard laurdag
Den svenske kvinna har oppretta Facebook-gruppa «Kooerdinerat Manngard efter Fia», men Lindahl fortel at folk no også har begynt å leita på eiga hand. Ho set pris på engasjementet, men utan koordinasjon forstyrrar folk sporhundane.

– Vi har oppretta ei Facebook-gruppe, for vi må ha ein stad for å dela informasjon. Problemet er at folk ikkje respekterer det vi seier. Alle vil hjelpa, men dei forstår ikkje at dei gjer ting vanskelegare, sukkar Lindal.

Laurdag er det planlagt ein storstil leiteaksjon på Ulvøyna. Det vil då vera åtte og eit halvt døgn sidan den vesle søte kvalpen forsvann. 

– Vi skal samla så mange som mogleg på laurdag og gjera eit stort søk. Då vil vi gå etter eit spesifikt mønster, utan hundar, for vi skal gjera søk med sporhundar i forkant, seier Lindahl.

Ho kjem med ei klar oppmoding om korleis folk som vil hjelpa bør involvera seg.

– Eg ber om at alle som vil melda sin ankomst gjer beskjed på Facebook først. Berre slik kan vi styra dette på best mogleg måte, seier Lindahl.

LES OGSÅ: Hunden Fibi ammar katten Gerd

Håpet mindre for kvar dag
Det er ei kvinne frå Austrheim, busett i Bergen, som er eigar av hunden. Ho var på hytta i Austrheim med hunden då den forsvann nyttårsaftan.

Det har ikkje lykkast Avisa Nordhordland å komma i kontakt med hundeeigaren torsdag kveld. Vi skriv likevel om saka sidan det er aksjonen som har oppsøkt avisa og aksjonsleiaren gjev godkjenning.

Det er eit velkjent fenomen at rakettar kan skremma hundar. 

– Den vart skremd av rakettar og smatt ut gjennom døra på hytta, fortel Lindahl.  

 Kvalpen er berre fem månader og ikkje kjent i området. Og dei første januardagane har som kjent vore bikkjekalde, med fleire minusgrader. Oddsa for ein lykkeleg utgang er difor ikkje dei beste. 

 Kor realistisk er det å finna hunden i live no?

– Vi har framleis håp, sjølv om det blir mindre for kvar dag som går. Det finst historikk om hundar som har klart seg med langt dårlegare føresetnader. Har den funne ein skjulestad, er moglegheita der, seier Lindahl, sjølv busett i Bøvågen.

LES OGSÅ: Hunden stammar frå Asia

Varmesøkande kamera
Ho har stor interesse for hundar, eig sporhundar og er med i ein frivillig organisasjon som hjelper til med å søka etter hundar som har forsvunne. Allereie er det gjort ein omfattande leitejobb.

– Vi har søkt etter denne hunden konstant sidan nyttårsaftan. Det har vore aktivitet alle dagar, og akkurat no har vi lyttevakter ute. Vi har høyrt lydar, så vi satsar på at den vågar å komma fram dersom den får ro. Vi har difor bedt vaktene om berre å lytta etter lydar. Vi har også satt ut kamera der vi trur den kan vera.

 Kva type kamera er det snakk om?

– Eigarane har fått leita etter hunden med eit varmesøkande kamera til brannvesenet. Vi forsøker å bruka all teknikk som finst tilgjengeleg. Vi tek gjerne i mot fleire varmesøkande kamera i leitinga, seier ho. 

 Kor lenge vil de leite?

– Om vi ikkje har funne Fia innan søndag, blir dette arbeidet avslutta. Då vil eigarane søka sjølv, for situasjonen no er ei enorm belastning for familien.

– Klarsynte forsøker å sko seg
Lindahl fortel om enorm pågang – utan å kunne talfesta kor mange som har tatt kontakt i alle kanalar. 

– Det kan eg ikkje berekna. Vi starta Facebook-gruppa tysdag. Då hadde vi tre medlemmer, no har vi over 200. Vi blir kontakta av folk frå heile landet, og frå Sverige. Eg må seia at eg er imponert over engasjementet. Folk går her på nettene, så det skortar i alle fall ikkje på innsatsen.

Tidleg i søkefasen vart det lagt ut kart på Facebook. Det angrar aksjonsleiaren på.

– Det lokka til seg klarsynte og andre lykkejegerar som forsøker å sko seg på situasjonen, sukkar ho.

Fia hadde på seg eit raudt halsband og var merka med ein chip då ho forsvann.

Les heile saka i Avisa Nordhordland!