Tippetimen
Marit Bjørgen kjem til å vinne det første verdenscup-rennet ho er med i etter fødselen. Den same dagen vinn også sonen hennar eit verdenscuprenn.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Are Kalvø tippar kva som vil skje
I vår endelause serie «Vi gjer akkurat som alle andre når vi ikkje kjem på noko betre å gjere», presenterer vi i dag våre spådommar for 2016, heilt utan bakgrunn for eigne meiningar. Spør du meg, og kvifor skulle du no gjere det, er dette det som kjem til å skje i år:
Marit Bjørgen kjem til å vinne det første verdenscup-rennet ho er med i etter fødselen, framfor elleve andre norske utøvarar. Den same dagen vinn også sonen hennar eit verdenscuprenn. Og kjem på andreplass i det same rennet.
Det kjem til å bli mykje vêr i år også. Og folk kjem til å seie at no må vi ta oss saman før det er for seint.
Det kjem til å bli feira altfor mange jubileum i år, som alle andre år. For eksempel er Bibelselskapet 200 år i år, noko som trulig kjem til å bli feira med forsøk på å vise at Bibelen framleis er relevant i 2016, der ein tek i bruk moderne og ungdomsretta sjangrar og verkemiddel som cabaret, slides og quiz. Sarpsborg er tusen år i år. Dette vil nok bli feira med forsøk på å vise at Sarpsborg framleis er relevant i 2016. Norges Bank er 200 år i år. Dette vil nok ikkje bli feira.
Men det som først og først og fremst kjem til å bli feira i år, er at kongeparet har regjert i tjuefem år. Dette blir feira med ein tv-serie på NRK som vi som skriv i avisa er kritiske til, fordi vi ville laga ein mykje meir kritisk tv-serie viss vi nokon gong fekk sjansen, og det får vi jo ikkje. Mange vil nok også nytte jubileumsåret til å komme med spådommar om kva som vil eller ikkje vil bli akseptert av folket den dagen den neste generasjonen kongelige skal velje partnarar: Ein homofil muslim? Ein heterofil muslim? Ein Høgre-politikar? Ein bifil buddhist? Ein ateist? Trulig vil vi som skriv i avisa hente inn kommentarar til alle desse eventualitetane frå absolutt alle som er interesserte i å uttale seg om slike spørsmål, nemlig tidligare eitelleranna på slottet, Carl-Erik Grimstad. Det kjem nok også til å bli gjort forsøk på å vise at monarkiet framleis er relevant i 2016, der ein tek i bruk moderne og ungdomsretta verkemiddel og sjangrar som makramé, popmusikk og humor. Og kanskje til og med blogg.
Kygo kjem til å bli gløymt i løpet av 2016.
Per Sandberg også.
Og landsbruksministeren. Han har vi vel forresten gløymt namnet på allereie, viss vi skal vere ærlige.
FrP kjem til å legge fram ein heil del forslag til innstramming av innvandrings- og asylpolitikken, som mange kjem til å synest er urimelige og umenneskelige, før forslaga får brei støtte frå så godt som alle. Etterpå kjem vi som skriv i avisa til å skrive at Sylvi Listhaug er ei kald heks eller ein stor visjonær, avhengig av kva meiningsmålingane seier.
Meiningsmålingane kjem det også til å vere ein del av i år. Nokre av dei kjem til å vise at nokre av dei små partia ikkje ville komme inn på Stortinget om det var val i dag. No er det veldig sjeldan val i dag, men dette kjem vi som skriv i avisa i liten grad til å bry oss om. Og nokre av dei små partia kjem nok til å nytte høvet til å vise at dei framleis er relevante i 2016, ved å ta i bruk moderne og ungdomsretta verkemiddel og sjangrar som twitter, vri åttar og dans.
Og om omtrent eit år kjem eg til å spå kva som kjem til å skje i 2017, med like stor sjølvtillit som denne gongen, vel vitande om at ingen husker eller bryr seg om kva nokon skreiv i avisa for eit år sidan.
Godt nytt år. Eller noko sånt.
Stod først på trykk i Aftenposten 2. januar.