Kvalitetstid

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den slemmaste dokka i Drammen

I 2006 skulle Noreg feira Ibsen-året. Sigmund Falch tenkte på alle dei tunge og seriøse bøkene som ville koma om den store forfattaren. Som den gode humorist han var, ville han laga eit muntert sidespor. Han ville laga noko visuelt, noko med bilete av Ibsen. Han leita rundt etter gamle og gjerne ukjende bilete, og snubla over Nasjonalbiblioteket sitt nye digitale fotoarkiv. 90 000 historiske bilete. Falch gløymde å leita etter bilete av Ibsen og vart i staden sitjande å bla.

– Det var mange heilt fantastiske bilete, fine, men også uventa, fortel Falch.

– Eg vart særleg sitjande med eit bilete av kong Haakon som går på ski. Han snur seg liksom mot kameraet og ser snurt over skuldra si. "Kva er det som skjer her?", tenkte eg. "Er det nokon som har sagt noko feil?"

For moro skuld skreiv han ein liten tekst om at det var nokon som hadde fnist litt akkurat i det Haakon byrja å gå. Det fungerte. Det var morosamt. Så han prøvde seg med nokre til. For å finna ut om det berre var han sjølv som såg humoren, synte han dei til far sin. "Han har ein humoristisk sans som eg stoler på." Faren tykte det var bra. Veldig bra. Han oppmoda sonen om å arbeida meir med det og senda det inn til eit forlag. Falch laga ti-tolv slike sider, og sende dei inn til eit forlag for å høyra om det kunne bli noko bok av det. Etter ei god stund fekk han svar: Ja, det kunne bli bok. Sidan har det blitt sju til i same serien, og i haust kom "Den slemmaste dokka i Drammen". Det er same oppsettet kvar gong: femti bilete, femti tekstar.

– Faren for å gjenta seg sjølv er der, men eg kjempar hardt for ikkje å gjera det, seier Falch.

– Dei fleste av desse bileta er av folk som ikkje er vane med å bli tekne bilete av. Difor har dei ofte ein litt stiv og komisk framtoning. Innfallsvinkelen min er alltid å gjera som med det fyrste biletet med kong Haakon. Kva gjorde desse folka før biletet vart teke? Kvar skal dei etterpå? Ved å dikta rundt bileta på denne måten, ved å stilla dei same spørsmåla, er det ein fare for å trakka i same bedet som tidlegare. Konsekvensen er at eg no brukar lengre tid på å koma fram til noko eg er nøgd med. Nett av di eg ikkje har lyst til å repetera meg sjølv.

– Blar du i gjennom dei gamle bøkene for å sjekka at du ikkje kopierer deg sjølv?

– Nei, eg føler i grunnen at eg har kontroll på det eg har gjort. Det einaste er at eg sjekkar namna, at eg ikkje har brukt dei tidlegare. Eg har likevel gått på ein smell. Ein lesar gjorde meg merksam på at det er eit bilete som finst i to av bøkene, men med ulik tekst. Eg fanga det ikkje opp, det gjorde heller ikkje forlaget. Så full kontroll har eg vel ikkje.

– Dette er vel i grunnen det alle gjer når dei ser eit gamalt fotografi. Diktar litt for seg sjølve.

– Nettopp. I ei av bøkene er det eit bilete av ein kar som står inne på ein fabrikk. Det er eit flott fotografi, fin djupn og rett komponert. Men det er heilt uråd å skjøna kva slags fabrikk det er. Det er maskiner der, karen arbeider, men me skjøner ikkje kva han faktisk gjer. Då handla naturlegvis teksten min om at denne karen hadde arbeidd der i to år, men visste det ikkje sjølv heller. Det humoristiske fungerer berre om du som lesar også får litt av den same kjensla som eg fekk då eg såg biletet fyrste gongen. Det er fort gjort å dikta meg for langt ut, skriva meg vekk i frå utgangspunktet og dermed fjerna meg frå grunnen til at eg stoppa ved akkurat dette biletet. Du som lesar må vera der med same, inn i den fyrste kjensla. Som eg då vrir litt til.   

– Kunne du ha nytta moderne bilete?

– Eg prøvde det ved eit høve, i det som enda opp i boka Falcheblikk. Forlaget bad folk senda inn Instagram-bilete, og eg skulle så velja mellom dei tusen bileta som kom inn. I utgangspunktet var eg veldig skeptisk, det kjendest litt som å svikta eit velfungerande format. Eg trudde at me skulle mista denne uskulda som ligg i dei gamle bileta, der folk ikkje er vane med å bli fotograferte. Det fungerte likevel ganske bra, men eg likar nok best å arbeida med gamle fotografi.

– Om eg ikkje visste betre, ville eg ha sagt at det er vestlandshumor du held på med. Men det høyrest ikkje ut som om du kjem derifrå.

– Nei, eg kjem frå hedmarken. Eg prøvde fyrst på å skriva på hedmarksdialekt, men det vart litt rart. Prøvde eg å vera Prøysen, eller var det Vazelina Bilopphøggers eller kva var det for noko?  Så eg enda med nynorsk. Når det gjeld humoren, er nok den meir typisk frå der eg kjem frå. Om det på Vestlandet også er vanleg med lågmælte understatements, og å snakka om store ting i korthøgde setningar, så har me nok meir til felles enn ein skulle tru.

– Kva får du utløp for med desse bøkene?

– Dette er ikkje unikt for meg, men både privat og i arbeidslivet er det utstrakt bruk av samarbeid. Det går mykje i samarbeidsprosjekt. Det å kunne sitja heilt for seg sjølv og leita etter bilete, og berre gjera noko som eg sjølv vil, er veldig tilfredstillande. Og eg blir oppriktig glad når eg kjenner at noko sit.

– Kallar du det ein hobby?

– Ja, det må eg gjera. 

Faktaboks

Sigmund Falch

• Forfattar på si, arbeider til dagleg som prosjektleiar i NRK.
• Aktuell med boka "Den slemmaste dokka i Drammen".
• Bøkene hans har eit samla opplag på godt over 100.000 eksemplar.