Store planar i Bergen.

NPK-Margunn Sundfjord
NPK-Margunn Sundfjord

– Forventningane er at den nye plasseringa skal gjera nynorskteateret meir synleg både i Bergen, i Hordaland og heile Vestlandet, seier Lyngstad, som 1. januar tek til som ny teatersjef for Hordaland Teater etter tolv år som teatersjef for Sogn og Fjordane Teater. 

Teatersjefen trur flyttinga til ærverdige Logen i Bergen sentrum også vil gjera det meir interessant for gode skodespelarar å spela på Hordaland Teater. 

– Eg har difor store forventingar til at vi både skal få til gode produksjonar og til at publikum finn vegen inn på ein heilt annan måte, seier Lyngstad. Han håpar dette også skal visa att på inntektene til teateret. 

Gammal draum

Hordaland Teater har lenge hatt planar om å flytta frå lokala på Stend i Fana til Bergen sentrum. Lyngstad synest det er spesielt å ta over leiinga av teateret samtidig som draumen går i oppfylling. 

– Eg kjenner meg ganske audmjuk som får ta over som teatersjef akkurat når det skjer, seier Lyngstad. Han peikar på at det har vore arbeidd jamt og trutt med flytteplanane nesten heilt sidan teateret blei etablert for vel 25 år sidan. 

Byggjeplanar for 60 millionar

Regionteateret har store planar for framtida. Planen er å byggja om og utvida lokala for 60 millionar kroner.

– Vi kjem til å bruka Logen som den faste spelestaden vår frå nyttår. Samtidig held prosessen fram med å byggja ut lokala slik at dei er tilpassa teateret, seier Lyngstad.

Utbygginga omfattar mellom anna biscener, verkstad, garderobar og administrasjonsverkstad.

Samtidsdramatikk for små og store

Torsdag presenterte Terje Lyngstad det første programmet sitt for Hordaland Teater. God samtidsdramatikk for barn og vaksne er viktig for den nye teatersjefen. 19. februar blir det premiere på barneframsyninga Rekneprinsen av Erna Osland.

– Framsyninga har tidlegare vore sett opp i Sogn og Fjordane, men eg tenkte den gongen at vi ikkje kom heilt i mål med stykket. Eg ønskjer difor å setja det opp på nytt.

Rekneprinsen handlar om ein gut i 10-12-årsalderen som lever åleine med mor si, og som leitar etter ein far. Gjennom samarbeid med Den kulturelle skulesekken skal stykket også på turné til skular i Hordaland.

60 millionar for å gjere Logen til nynorskteater

Hordaland Teater må ut med mykje om dei vil flytta inn i Logen i Bergen sentrum. Foto: Wikipedia/reinhardheydt

Fosse minst ein gong i året

Lyngstad har fleire gonger sagt at han ønskjer å setja opp teater av Jon Fosse på Hordaland Teater. 21. september går draumen i oppfylling. Då blir det premiere på framsyninga Namnet.

– Det å bruka Fosse blir heilt sentralt i satsinga på samtidsdramatikk, seier teatersjefen, som ønskjer å arbeida med Fosse minst ein gong i året.

Han trur mange vestlendingar er meir og meir interesserte i og nyfikne på dramatikken til Jon Fosse – ikkje minst etter at Fosse tidlegare i år fekk Nordisk råds litteraturpris.

– Eg har lyst til at Hordaland Teater tek den posisjonen at vi spelar og representerer han.

Populær underhaldning i ny drakt

For å nå eit breiare publikum, set Hordaland Teater til hausten opp ein ny versjon av framsyninga Singel og Sand, som teateret hadde stor suksess med for ti år sidan. Også denne gongen blir framsyninga presentert som ein revy med små historier, sketsjar og songar. Framsyninga byggjer på musikken og visene til Josef G. Larsen og Monrad Holm Johnsen. Mange av songane deira har blitt ein viktig del av den vestlandske folkesjela.

– På denne måten håpar vi å nå ut til mange og visa at nynorsk scenespråk er både opplagt og naturleg i Bergen – spesielt når det dreier seg om kystkulturen og det vestlandske, seier Lyngstad.

For dei aller minste hentar teateret fram att dokketeaterframsyninga «Egget» med dokketeaterskodespelaren Ljudmil Nikolov, som har vore ein klassikarar frå Hordaland Teater.

Gjestespel og samarbeid

I tillegg til eigenproduksjonar legg teatersjefen vekt på samarbeid med andre teater og andre arrangørar.

– For eit nynorskteater er det viktig å presentera god, norsk scenekunst utanom det vi lagar sjølve. Å få inn gjestespel frå Sogn og Fjordane Teater og Det Norske Teatret blir difor heilt avgjerande, seier han.

Hordaland Teater skal også samarbeida med andre arrangørar. Saman med HiHat og Bergen Live set teateret opp «Lampefeber», som er ei jubileumsframsyning om Helge Jordal. Stykket har premiere 17. februar, same dagen som den folkekjære skodespelaren rundar 70 år. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE