Krev tøffare prioriteringar

Unge Høgre-leiar Kristian Tonning Riise er mest skuffa over Arbeidarpartiet i år.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva har gledd deg mest i 2015?

– Då vi hadde debatten om endringar i arbeidsmiljølova i vår, fagrørsla mobiliserte til første generalstreik i Noreg på 16 år, og regjeringa og samarbeidspartia likevel stod løpet ut og sikra nødvendige liberaliseringar som blant anna vil gjera det enklare for ungdom å koma seg inn på arbeidsmarknaden.

Kva har skuffa deg mest i 2015?

– Det er mykje å ta av. Det var svært skuffande å sjå Ap-leiar Jonas Gahr Støres fråverande evne til å stå opp for retten til å driva blasfemi i januar, rett etter terrorangrepet på Charlie Hebdo. Sentrale LO-leiarar si lefling med Russland i sommar var òg ein pinleg affære. Det mest skuffande har nok likevel vore å sjå at Noregs største parti, i møte med migrasjonsstraumen til Europa og Noreg, og dei utfordringane det medfører, har vore meir oppteken av politisk spel enn å ta kloke avgjerder for landet.

Kva er det største ønsket ditt for 2016?

– Det aller hyggelegaste hadde jo vore fred på jord, men viss ein skal vera litt meir realistisk, så håpar eg at 2016 kan verta det året der vi skjønar at «alt til alle»-politikken ikkje fungerer lenger. Dersom vi skal sikra eit berekraftig velferdssamfunn, i møte med demografiske endringar, auka migrasjon og lågare petroleumsaktivitet vil det krevja tøffare politiske prioriteringar enn vi har vore vant til i nokre tiår no.

Kva bok vil du anbefala andre å lesa i romjula?

– Det luraste trur eg er å ta seg tid til å lesa noko du fort prioriterer vekk i kvardagsmaset resten av året. Denne jula har eg lese «A Short History of the First World War» av Gary Sheffield. Første verdskrig er liksom krigen alle har høyrt om, men som dei aller fleste veit veldig lite om, anna enn at etterspelet danna mykje av grunnlaget for andre verdskrig. Det er sikkert fleire enn meg som kunne trunge å friska opp historiekunnskapane litt her, avsluttar leiar i Unge Høgre, Kristian Tonning Riise.

Les nyttårsintervjuet med AUF-leiaren her!